– Smadra autovern like ved togtunnel

Til alt hell var ingen bilar i området då raset gjekk natt til måndag. – Raset gjekk forbi sikringa og unngjekk så vidt ein togtunnel, seier augevitne.

Helikopter undersøkjer rasstaden i Vetlevik

VETLEVIK: Eit helikopter undersøker fjellsida ved Vetlevika mellom Evanger og Bolstadøyri etter raset natt til måndag. Under synfaringa kom det ned meir stein som trefte autovernet på E16.

Foto: Arne Hofseth

Det var like over klokka to i natt at politiet fekk melding om at det hadde gått eit ras på E16 ved Vetlevik, mellom Evanger og Bolstadøyri på strekninga Bergen - Voss.

Knust autovern Vetlevik

TREFTE AUTOVERNET: Heldigvis var ingen bilar på vegen då raset gjekk i to-tida natt til måndag. Ein stein gjekk rett i autovernet.

Foto: Arne Hoseth

Raset var ikkje svært stort, men Statens Vegvesen undersøkjer framleis om det er fare for at meir stein skal koma ned frå fjellet.

Trefte autovernet like ved togtunnel

– Det er berre 40 meter til munninga av ein togtunnel i nærleiken. Raset har kome forbi rassikringa, og kunne lett ha gått vidare om det ikkje tilfeldigvis hadde gått ein annan retning, fortel eit augevitne til NRK.no.

Mannen fortel vidare at autovernet på E16 der raset gjekk, er smadra. Hadde ein bil kome forbi då raset gjekk, kunne den fått alvorlege skader, meiner han.

Vegen sperra i intervallar

– Eit reinskelag skal opp i fjellet i 12-tida for å spyle bort laus stein. Kor lang tid det tar, er usikkert, opplyser Statens Vegvesen. Først etter at fjellsida er reinska for laus stein kan dei sei sikkert om vegen forblir open.

E16 er no open forbi rasstaden mellom Evanger og Bolstadøyri, men vil vere stengt i periodar på inntil 15 minuttar mens reinskinga av fjellsida pågår.

Helikopter sjekkar fjellsida

Ras på E16 ved Vetleviki

NOK EIT RAS PÅ E16: Det var heldigvis ikkje dei største steinane som kom ned natt til måndag, men delar av raset enda berre få meter frå jernbanetunnelen. Staden er sikra med nett, men steinspranget gjekk forbi sikringa.

Foto: Arne Hofseth

– Vi har eit helikopter oppe i fjellet ved rasstaden som undersøkjer vidare. Slik det ser ut no, er vegen open for trafikk, seier Hanne Nordheim, vaktoperatør ved Statens Vegvesen.

Klokka 8 måndag morgon meldte ho at vegen var stengt. Berre ein halvtime seinare var hovudvegen mellom aust og vest igjen open for trafikk.

Det er ikkje første gong i år at E16 er stengt på grunn av ras. I slutten av april var vegen stengt i fleire veker på grunn av eit steinras ved Stanghelle.

Kan bli stengt igjen på kort varsel

– Det kom ned meir stein mens geologen var i området for å vurdera rasfaren. Dermed blei vegen stengt, sa Hanne Nordheim, vaktoperatør ved Statens Vegvesen, til NRK.no like før klokka 8.

Politiet fekk melding om at eit steinras hadde gått mellom Bolstadøyri og Evanger like over klokka to natt til måndag.

Det har vore folk i området for å lytta etter teikn på meir stein sidan morgontimane i dag, og i åtte-tida blei det sendt opp eit helikopter for å overvaka fjellet på rasstaden.

Svært sårbar for ras

Det er ikkje lenge sidan sist gong det raste på E16.

17.april blei vegen stengt etter eit stort ras, og blei stengt over lang tid, noko som skapte stor frustrasjon blant bilistar som ferdast på hovudvegen mellom Aust og Vest. Lokalt er frustrasjonen stor blant folk som er redde for å køyra på vegen dei er avhengige av.

Sjå video av den ironiske feiringa då E16 endeleg opna etter raset i april under:

Iført gule vester, banner og norske flagg «feiret» bygdefolket at E16 i Hordaland åpnet igjen mandag kveld. – Vi er fortsatt redde når vi kjører her, sier de.

E16 endelig åpen igjen