Hopp til innhold

Ras råka pinsetrafikken: – Ingen grunn til å grine

Passasjerane på Bergensbanen har andre pinsedag måtte bu seg på inntil fire timars lengre reise, på grunn av ras. SISTE: Jernbaneverket håpar å få opna sporet innan klokka 19.

Øystein Rødseth

FÅR LANG TUR TIL OSLO: Øystein Rødseth er ein av mange NSB-reisande som andre pinsedag må ta deler av togturen i buss.

Foto: Inger Åse Skage / NRK

Jernbanestasjonen i Bergen

MYKJE FOLK: Mange skal heim etter pinseferie måndag. Også på Bergensbanen.

Foto: Inger Åse Skage / NRK

– Vi har ikkje anna val når jernbanen klappar saman. Det er ingen grunn til å grine, seier passasjer Øystein Rødseth.

NRK.no møter han på perrongen i Bergen like før 12-avgangen til Oslo måndag.

Eit ras mellom Finse og Haugastøl har sidan måndag morgon sperra for all togtrafikk. Dermed må buss erstatte tog på strekninga Voss - Ål.

– Viss eg skal pirke på noko, må det vere dårleg informasjon. Her er ingen informasjon på jernbanestasjonen, den fann vi på nettavisene, seier Rødseth som reknar med å vere i Oslo før midnatt.

Håpar å opne i 18-19-tida

Men for passasjerane som reiste med ettermiddagstoga frå Bergen og Oslo, ser det derimot ut til å gå mot ein normal togtur.

–Det ser veldig bra ut. Vi håpar at vi opna opp att slik at ettermiddagstoga ikkje blir råka. Altså at rasstaden er opna for trafikk i 18-19-tida, opplyser pressevakt Olav Nordli til NRK.no klokka 16.20.

Han seier oppryddingsarbeidet har gått utan problem.

– Det er snakk om jordmassar som har sklidd ut saman med ein del bjørketre. Men det er er mykje smeltevatn i fjellet no, og vi held ekstra oppsyn med linjetraséen.

Tok køyreleidningen

Raset som har sperra jernbanelinja over Hardangervidda er ikkje stort, men har tatt med seg ei mast ved sidan av linja, og køyrelediningen ligg nede.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ras stenger Bergensbanen

SPERRAR SPORET: Dette raset mellom Finse og Haugastøl stoppar alle tog mellom Voss og Ål i Hallingdal.

– Det får ganske store konsekvensar for dei som reiser med tog i dag. Det betyr at det blir forseinkingar. Dei vil måtte rekne to til fire timars ekstra tid over fjellet, både frå Bergen og Oslo, opplyste pressevakt Håkon Myhre til NRK tidlegare måndag.

Buss over fjellet

– Vi køyrer tog frå Bergen til Voss, og frå Oslo til Ål. Mellom Voss og Ål har vi buss. Det betyr at det tek tid. Folk må vere førebudde på det, sa Myhre.

I solskinet på jernbanenstasjonen i Bergen verka folk å vere innforstått med at heimreisa etter pinseferien tek noko meir tid enn planlagd.

Hege Risa

MYKJE STYR: Det hadde vore enklare å ta buss heile vegen, seier togpassasjer Hege Risa.

Foto: Inger Åse Skage / NRK

– Det hadde vore enklare å ta buss heile vegen enn å bytte frå tog til buss til tog. Men er det ras, så er det ras. Tryggleiken kjem først, Siren Risa før ho stig om bord.

Konuktør: – Passasjerane er blide

Konduktør Hege Bolstad rapporterer også om blide passasjerar, trass ras og buss for tog.

– Det høyrest ut som det går veldig fint. Det er blå himmel og sol. Folk er interesserte i å komme seg heim, så det ser ut til at det skal gå greit.

Bergensbanen stengt etter ras. Buss erstatter tog mellom Voss og Ål i Hallingdal.

SJÅ VIDEO: Passasjerarar på jernbanestasjonen i Bergen om Bergensbanen-stenginga.