Hopp til innhold

Ras sperra veg i Naustdal

Eit ras med stein, jord og tre sperra fylkesveg 611 i Naustdal søndag.

Ras Frammarsvik Naustdal
Foto: NRK-tipsar

Vegen vart opna att måndag morgon like før klokka 09.30.

Raset har skjedd vest for Frammarsviktunnelen.

– Det har kome ned ein del stein, jord og tre i vegbana. Heile vegbana er dekka, seier trafikkoperatør Kjetil Larsen hjå vegtrafikksentralen.

Sentralen fekk melding om raset klokka 21.18 søndag kveld.

Raset er truleg ikkje så stort. Men vegen blir ikkje opna att søndag kveld.

– Grunnen er at det er mørkt, og omsynet til tryggleiken til dei som skal rydde raset. Vi kan ikkje vere sikre på om det kjem meir, seier Larsen.

Det var publikum som melde frå om raset.

Entreprenør har vore på staden saman med byggherre, og konkludert med at det er tryggast å vente til i morgon.

Det er omkøyring via Rv. 5 og Fv. 542.

Laster Twitter-innhold