Hopp til innhold

Ras og rasfare stengjer mange vegar

Snøskred og skredfare stengjer no fleire av vegane i fylket.

Video ras i Kjøsnesfjorden

SJÅ VIDEO: Riksveg 5 var stengde i mange timar fredag morgon etter at det gjekk eit ras over vegen.

Riksveg 5 mellom Skei–Sogndal var stengd etter snøskred ved Kleivatunnelen i Kjøsnesfjorden. Her blei det gjort ny vurdering klokka 09:30. Klokka 10:50 er melder vegtrafikksentralen i Lærdal at vegen er open att.

Vaktoperatør Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen i Lærdal seier raset var ein meter høgt og dekkja heile vegbana.

– Raset kom i eit område der det ofte rasar, så difor måtte vi vurdere om det er trygt før vi byrja å rydde det.

Eit snøskred stengde også E39 mellom Lote ferjekai og Nordfjordeid, ved Lotetunnelen. Vegen har vore stengd sidan klokka 0500, men like før åtte melder Statens vegvesen at vegen er open igjen.

Kolonne på Hemsedalsfjellet

Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet har kolonnekøyring, medan rv 13 Vikafjellet, fv 50 Aurland–Hol og fv 53 Årdal–Tyin er stengde. Også riksveg 15 over Strynefjellet er no stengd. Her er det uver som er årsak til stenginga.

Klokka 09:25 melder Statens vegvesen at Vikafjellet ikkje blir opna i dag.

I tillegg er fleire mindre fylkesvegar stengde grunna skred og skredfare. Det er uvisst når vegane opnar.

  • Fv 337 Hafslo–Veitastrand
  • Fv 664 Fossebakken–Navelsaker
  • Fv 722 Storesunde–Flo
  • Fv 723 Bødal–Loen (Sande - Bødal)
  • Fv 331 Urnes - Skjolden
  • Fv 152 Ulvstad - Menes
  • Fv 241 Gudvangen - Bakka, blir ikkje opna fredag

Fredag er det venta store mengder nedbør og vinden vil herje både langs kysten og i fjellet.

Vêrvarslinga på Vestlandet sende torsdag kveld ut eit såkalla OBS-varsel, der dei åtvarar mot mykje nedbør og sterk vind langs kysten.

Åtvarar mot ras

Vaktoperatør Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen har hatt ein travel morgon.

Han oppmodar bilistane om å vere forsiktige når dei er ute på vegane.

– Det er generell rasfare på grunn av all nedbøren som har kome ned, seier han.