Mens alle andre tek ferie, sørgjer dei tre bartefjesa i populærorkesteret Finn-Erix for ein ny dose «intelligent liv frå baksida av Vestlandet».
Kvar torsdag og fredag i sommar serverer d’herrer Finn Tokvam, Halvor Folgerø og Erik Lothe radioreality på NRK P1. Den uslåelege kombinasjonen av musikk og humor høyrer du torsdagar og fredagar i «Norgesglasset» og i «Hordaland i dag».
I fjernsynet igjen
Samstundes har opptaka til ein ny sesong med «Radio Røynda» på tv starta. Til hausten er dei velkledde herrane tilbake i ruta med fire program.
Heiskonsert med Natalie Nordnes og beroligande musikk for basehopparar på Voss er allereie på band. Elles står forfattarar og musikarar frå øverste hylle på gjestelista.
Variasjon - verdt bryet?
Populærmusikarane freistar mellom anna med programpostar som «Finn-Erix In Symphony», «Nedlagte nærbutikkar» og «Heizann - heismusikk tatt på alvor». I spalta «Sex & samliv med Bente Træen» tek dei opp tema som «variasjon - verd bryet?»
Kort sagt: Det blir topp underhaldning sommar og haust!