Helge Hagen Stokke har fått på seg vadmelsbunaden og står på trappa til eit av dei mange stovehusa på Maihaugen.
Det er fyrste dag på jobb, og i morgon skal han guide dei fyrste kinesiske turistane rundt på deira eige morsmål.
Krevjande jobb
– Kva heiter stabbur på mandarin?
– Ja, det har vore ei utfordring, ler Helge.
Før denne sommarjobben så har han sete ein månad og berre tenkt på gamle norske ord og uttrykk.
– Eg har ikkje alltid funne gode omsetjingar heller. Så eg har eigentleg berre freista å omsetja dei til engelsk, og så frå engelsk til mandarin. Så har eg testa uttrykka på mine kinesiske venner, seier Helge Hagen Stokke.
Aukar mest
Trude Arnesen er marknadsansvarleg på museet og seier at det er fyrste gong dei har guidar som har denne kompetansen.
–Vi har sett behovet for å få ein som kan mandarin, for det er snart den største gruppa asiatere som kjem hit, og da treng vi ein som snakkar språket og forstår kulturen slik at vi kan tilby eit betre tilbod til dei, seier Trude Arnesen
Ho seier det er mellom tre og fire tusen som er innom museet i løpet av sesongen.
Viktig å forstå kulturen
Hans forståing for asiatiske kulturar er viktig for at vi skal få formidla vår historie til dei, seier Arnesen.
– Dei er nok ikkje interessert i å høyre om norske politikarar frå 1700-talet, men slik som bondemiljøet med store og små gardstun kjenner dei til, for Kina var jo lenge eit bondesamfunn slik som her, seier Helge.
Og så har vi sjølvsagt stavkyrkjene med drakehovud, og slike uttrykk som er felles vil dei med ein gong kjenne seg att i, seier Helge.
Lærerik sommarjobb
Helge Hagen Stokke er glad for å ha ein sommarjobb der han får halde ved like språket.
–Sommarferien er lang, og mandarin må ein halde ved like.
For tida bur og studerer han i Shanghai der han er halvvegs i ein bachelorgrad.
– Eg har høyrt at talet på kinesiske gjestar doblar seg for kvart år, så eg får sikkert nok å drive med her, seier Helge.