Hopp til innhold

Provosert over nettolønsordning

Norges Fiskarlag er provosert over at hurtigruta får skattefordeler til ein verdi av 100 millionar kroner, medan fiskarane ikkje får det.

Hurtigruta Nordkapp
Foto: Anneli Strand / NRK

Dei fryktar mannskapsflukt og krev at alle skal behandlast likt. Det seier leiar i Norges Fiskarlag, Reidar Nilsen.

Same vilkåra som utanlandske reiarlag

Stemninga var høg på hurtigruta i Bodø då næringsministeren fredag fortalde at hurtigruta får nyte godt av nettolønsordninga som gjev skattefordeler til ein verdi av hundre millionar kroner. Grunngjevinga er at hurtigruta skal få same vilkåra som utanlandske selskap.

Mannskapsflukt frå fiskeflåten

Offshoreflåten har i fleire år hatt denne ordninga, og fiskarane meiner dette har ført til mannskapsflukt frå fiskebåtane.

- Har seg sjølv å takke

Men informasjonsansvarleg i Norsk Sjømannsforbund, Morten Øen, meiner fiskeflåten har seg sjølv å takke for at dei opplever mannskapsflukt.

 

Nærings- og handelsminister Odd Eriksen.
Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

- Ikkje konkurransevridande

Og næringsminister Odd Eriksen forsvarar nettolønsordninga. Han meiner ordninga ikkje verkar konkurransvridande.