Bønder i fylket er kraftig provosert over fylkesagronom Bjørn Harald Haugsvær hos Fylkesmannen.
- Blir meir til dei som er igjen
Det som har fått bøndene til å reagere er utsegna til Haugsvær i går om at det er positivt for dei som blir igjen at så mange sluttar i næringa.
- Det blir fleire mjølkekvoter og meir areal for dei som held fram, sa Haugsvær i går.
Eit oversyn viser at dei siste 13 åra har ein tredel av gardbrukarane i fylket slutta. Det er ingenting anna enn negativt, seier nestleiar Per Magne Bell i Sogn og Fjordane bonde og småbrukarlag.
- Haugsvær og landbruksavdelinga sender ut dårlege signal til småbrukarane og deltidsbøndene i fylket.
- Ta det tilbake
Han meiner tankegangen til Haugsvær kan bli tolka dit hen at det er meir gledeleg desto fleire som sluttar i yrket.
- Dette resonnementet må Landbruksavdelinga til Fylkesmannen ta tilbake, for det er på ingen måte positivt at så mange gardbrukarar har gitt seg, seier Bell.