Hopp til innhold

Prøver å ta snikarane på ferjekaia

Folk som snik i ferjekøane er noko mange irriterer seg over. Fjord1 seier dei prøver å halde oversikt over bilane i kø og at dei grip inn når dei tek snikarar på fersken.

Ferjekø på Lavik

SNIKING TIL IRRITASJON: Mange har sett det, nokre har sjølve blitt dei som må stå att når andre snik i ferjekøen. (Illustrasjonsbilete).

Foto: Thomas James

«Frekt» og «irriterande». Det er to ord som blir hyppig brukt av folk når dei blir spurt om kva dei meiner om sniking på ferjekaia.

– Det er veldig irriterande viss det ville ført til at eg stod att på kaia, seier ei kvinne NRK snakkar med i køen på Lavik ferjekai.

Ber dei ansvarlege stogge snikarane

Ein annan som nyleg vart kraftig irritert, for ikkje å snakka om forbanna, etter at ein bilist sneik før han i ferjekøen, er fotballtrenar Nils Tore Krosshaug. Årdal-trenaren opplevde at fleire bilar sneik seg føre han på ferjekaien ved Fodnes. Sjølv vart han den som akkurat ikkje fekk vere med.

– Eg tilbaud med å gå om bord og henta ut att den bilen som hadde fått min plass, men fekk den frekke kommentaren frå ein kar med stjerner på skjorteslaget (altså ein offiser på ferja, red. anm) at "dei snik no alle vegar". Du kan trygt seie eg ikkje vart noko mildare stemt av eit slikt svar, seier Krosshaug til Sogn Avis.

Til NRK seier Krosshaug at han håpar dei som driftar ferjene kan gjere noko for å få stogga snikinga.

Folk tek saka i eigne hender

På Lavik ferjekai forstår folk godt at folk blir sinte og oppgidde når dei opplever at andre snik seg føre dei i køen. Spesielt om det fører til at ein må stå att og vente på neste ferje.

– Ein kan kanskje seie at ferjekøen får fram det verste i folk, seier ein mann som står pent og pynteleg og ventar på sin tur.

– Dei er nokon idiotar, føyer ein annan bilist til om snikarane.

Blant dei som har jobben med å ha kontrollen på bilistane som skal ta ferje er ferjebillettør Gunnvor Instefjord. Ho har fleire gonger vore vitne til sniking. Ofte er det bilistane sjølv som prøver å ordne opp.

– Eg har opplevd at folk sjølv har gått ut av bilane for å stoppe folk dei meiner snikjer. Og eg får reaksjonar frå folk som seier frå om folk som snikjer, seier Instefjord.

Gjer det dei kan

Det er Fjord1 som driftar ferjene både mellom Lavik-Oppedal og Fodnes-Mannheller. Driftssjef i Fjord1, Oskar Bergheim, seier dei ser at sniking skjer, og at dei prøver å gjere noko med det.

– Vi synst ikkje det er noko kjekt at folk gjer det, det går jo utover andre.

– Viss blir obs på det og ser det, så prøver vi å stoppe dei og putte dei inn i køen der dei skulle vore. Slik at dei ikkje går framfor nokon andre, seier Bergheim til NRK.no.

Han understrekar samtidig at dei aller fleste ferjene tek med seg alle bilane som står på kaia, og at det difor ikkje er ofte at nokon må stå att som følgje av at nokon snikjer.

På spørsmål frå Sogn Avis om det ikkje er mogleg å setje opp ei kjegle bak siste bil når ei fil på kaien er full, svarte Bergheim slik.

– Skal det setjast opp ei kjegle bak siste bil, så må nokon gjere det. Vi har kaivakter og billettørar om sommaren, men ikkje ressursar nok til å setje opp kjegler for at bilar ikkje skal snike i køen, seier Bergen til avisa.