Eit fjernsyn i vindauga hjå elektroforretninga i Sogndal sentrum sto på i helga, og då filmkanalen viste pornofilm natt til laurdag, var det høve for alle nysjerrige å stoppe opp og sjå.
- Var morosamt
- Me var vel fire bilar som hadde drive-in-kino der, seier Janne Borlaug til avisa. Ho var ein av dei som oppdaga ekstratilbodet.
- Eg tykte det berre var morosamt, seier ho.
- Skal ikkje skje igjen
Innehavar Svein Ove Bergseth seier til Sogn og Avis at fjernsynet ved ei forgløyming ikkje var stilt tilbake på ein annan kanal etter at dei hadde vist ein fotballkamp på fjernsynet. Han vil syta for at same glippen ikkje skjer på nytt.