Hopp til innhold

Politikarar lukka om verva sine

Politikarar i Sogn og Fjordane er ikkje opne om kva slags bindingar dei har.

Gerd Dvergsdal

Jølster-ordførar Gerd Dvergsdal er ei av mange som ikkje har registrert seg.

Foto: NRK

Eit eige register skal gje oversikt over verv og økonomiske interesser dei folkevalde har. Men i 19 kommunar har ikkje politikarane registrert seg.

Ordførar i Jølster, Gerd Dvergsdal, seier ho har gløymt det.

- Eg tek sjølvkritikk og legg meg fullstendig flat. Eg har rett og slett gløymt å gjere det, men skal gjere det i dag.

Skapar openheit

Styrevervregisteret vart oppretta av KS for eit år sidan for å skape openheit rundt bindingane til politikerarar og kommunetilsette. Men nestleiaren i KS er ikkje den einaste som manglar i registeret.

I 19 av dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane har ikkje dei folkevalde registrert seg.

Ordføraren i Stryn, Nils Støyva, er ein av dei som står i registeret.

- Eg er medlem av Helse Vest, styreformann i Reisemål Stryn og Nordfjord og så sit eg i to stiftingar

Ser ikkje poeng i å gjere det

Han har gjentekne gonger bede formannskapet om å registere seg - utan at noko har skjedd. Anders Magne Vik frå FrP seier han ikkje ser noko poeng i å registrere seg - han meiner det ikkje er av interesse for publikum.

Ordføraren derimot meiner det er viktig å vere open rundt dei bindingar han har.

- Eg tykkjer det er greitt å vere med i registeret og innbyggjarane får innblikk i kva slags verv eg har og kva eg driv med.