Hopp til innhold

Politikarane kutta 25 bussruter

Samferdslepolitikarane i fylket la onsdag ned 25 bussruter i Sogn og Fjordane.

Video nsps_upload_2009_3_4_19_43_5_58.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Med unntak av ei rute i Sogndal, har alle rutene eit snitt frå null til tre passasjerar.

- Oversikta vi fekk i dag viser at det kvart år blir køyrt 114 000 kilometer med null til tre passasjerar. Det er både veldig dårleg økonomi og eit veldig dårleg klimarekneskap, seier leiar i samferdsleutvalet Knut M. Olsen (Sp).

Etablerer serviceruter

- Eg trur det er viktigare å bruke desse kollektivtrafikkronene på ein måte der vesentleg fleire får bruke dei, held Olsen fram om dei to millionane i sparte kroner som følgjer med rutekutta.

For pengane skal i staden brukast på kommunale serviceruter der folk sjølve kan bestille henting og transport.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Reservert tilhengar

Då samferdsleutvalet handsama saka i dag, var det langt mellom motstanden. Men Trude Brosvik (KrF) var mellom dei meir reserverte tilhengarane.

- Det er ein del av desse rutene det ikkje står alternativ bak. Dei er faktisk skattebetalarar dei som bur langt ute i distriktet, men som ikkje kan fylle opp ein buss og reise veldig ofte. Når det ikkje er noko alternativ for offentleg transport, så har eg eit hjarte som bankar for dei, seier ho.

Må bruke meir

Brosvik trur servicerutene er eit godt alternativ for eldre, men ikkje for ungdomar. Olsen insisterer på at sparing ikkje var føremålet med kutta. Truleg vil fylkeskommunen bruke meir pengar på å bygge opp att servicerutene i alle kommunar.

- Målsetnaden er å få dette til i alle kommunar. Då må ein spe på med noko meir pengar, men det vil variere frå kommune til kommune, seier han.

Desse rutene blir kutta

Avgang

Frå

Til

Snitt

Tilleggsopplysningar

05.10

Vadheim

Høyanger

Under 1 passasjer

Innstilt laurdag og søndag

06.10

Høyanger

Vadheim

Kring 1 passasjer

Innstilt laurdag og søndag

06.00

Lyngstad i Viksdalen

Førde

Kring 2 passasjerar

Innstilt om vinteren. Alternativ skulerute går ein time seinare

15.40

Førde

Lyngstad i Viksdalen

Kring 2 passasjerar

Innstilt om vinteren. Alternativ skulerute går halvtime tidlegare

16.15

Lærdal sjukehus

Saltkjelen

Under 1 passasjer

Innstiller om vinteren. Alternativ avgang klokka 16.30

14.40

Øvre Årdal

Seim

Kring 1 passasjer

Innstilt om sommaren. Alternativ rute kl. 13.55 og 15.15

15.00

Seim

Øvre Årdal

Kring 2 passasjerar

Innstilt om sommaren. Alternativ avgang kl 14.30 og 15.35

13.10

Årdalstangen

Tyinkrysset

Kring to passasjerar

Går alternativ rute om Lærdal

18.05

Nordgulen

Sollibotn

Under 1 passasjer

Innstilt

19.05

Sollibotn

Nordgulen

Under 1 passasjer

Innstilt

10.10

Øvre Årdal

Fodnes

Kring 3 passasjerar

Innstiller laurdagsavgang

11.15

Fodnes

Øvre Årdal

Kring 2 passasjerar.

Innstiller laurdagsavgang

10.35

Sogndal

Mannheller

Kring 1 passasjer

Tek vekk laurdagsruta

11.15

Mannheller

Sogndal

Kring 6 passasjerer

Tek vekk laurdagsruta, men set opp ny rute frå Kaupanger til Sogndal

06.10

Selje

Måløy

Kring 1 passasjer

Innstiller laurdagsavgang

08.45

Måløy

Selje

Kring 1 passasjer

Innstiller laurdagsavgang

06.30

Kvalheim over Raudeberg

Måløy

Kring 1 passasjer

Blir innstilt

13.30

Måløy

Raudeberg

Kring 1 passasjer

Alternativ rute klokka 12.40 og 14.15

13.40

Raudeberg

Måløy

Under 1 passasjer

Alternativ rute kl 13.20 og 15.40

16.05

Selje

Leikanger

Under 1 passasjer

Innstilt om sommaren. Alternativ rute kl 13.00

15.30

Stryn

Nordfjordeid

Under 1 passasjer

Innstilt på sommartid. Alternativ rute kl 13.30 og 18.25

17.05

Nordfjordeid

Stryn

Langt under 1 passasjer

Innstilt om sommaren. Alternativ rute 16.05

07.00

Grotle om Oldeide

Hauge

Langt under 1 passasjer

Innstilt om sommaren. Alternativ rute 08.30.

09.24

Bremanger rutebilstasjon

Berle

Under 1 passasjer

Innstilt fredagar

15.10

Oldeide

Berle

Under 1 passasjer

Innstilt fredagar

Ekspander/minimer faktaboks