Hopp til innhold

Politiet slår alarm: – Urovekkande mange eldre mister livet i trafikken

Førarar over 75 år utgjer ein liten del av trafikkbiletet, men er ofte involverte i dødsulykker. Det uroar politiet.

Trafikkulukke

ILLUSTRASJON: Politiet er uroa over at eldre over 75 år er overrepresenterte både når det kjem til omkomne og skuld i dødsulykker på vegane i Noreg.

Foto: Even Lusæter / NRK

Sett i lys av at aldersgruppa over 75 år berre utgjer 3 prosent av trafikken, er gruppa overrepresentert både når det kjem til skuld og omkomne i dødsulykker på vegane i Noreg.

– Det er urovekkande, seier Terje Oksnes, leiar for Utrykkingspolitiet (UP) i Vest.

Blant dei 116 personane som omkom i trafikken i 2022, var 20 prosent 75 år eller eldre. Av desse var det elleve bilførarar, og ti var andre trafikantar.

Det syner UP sin rapport for dødsulykker i trafikken for året.

Ikkje nok med det – denne aldersgruppa er òg den som forårsakar flest ulykker med ein andel på 20 prosent.

Tala er høgare enn tidlegare år, ifølge Guro Ranes, Statens vegvesen sin avdelingsleiar for trafikktryggleik.

Ønsker tiltak

Svekka syn og reaksjonsevne hjå eldre er ifølge forskarar blant årsakene til at eldre bilførarar døyr i trafikkulykker. I tillegg har eldre større sannsyn for å omkome av skadane når det først skjer ei ulykke, enn det yngre menneske har.

I rapporten peikar UP på at dei ønsker styrka tiltak for å senke aldersgruppa sin risiko i trafikken.

Terje Oksnes, distriktssjef i UP

UROA: Terje Oksnes i UP er uroa over dei høge tala drepne eldre i trafikken og ønsker tiltak.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ifølge Oksnes er det enno ikkje sett på kva konkrete tiltak som kan setjast i verk. Han forklarar at politiet i hovudsak kan bidra med fleire kontrollar i trafikken.

Færre omkomne i år

Hittil i år har over 100 personar døydd i trafikkulykker, syner Statens vegvesen sin ulykkesstatistikk. Auken er over 10 prosent frå same periode i fjor.

I tillegg til forhold hos førarane, viser NAF mellom anna til Riksrevisjonen sin rapport, som avdekka at dårlege vegar tek liv.

– Dette er tal vi må jobbe for å snu. I år teiknar til å bli eit verre ulykkesår enn i fjor, seier Ingunn Handagard, pressesjef i NAF.

Av dei omkomne i år høyrer 14 prosent til aldersgruppa 75 og over. Altså ein nedgang frå 2022.

– Det kan vere tilfeldige svingingar i statistikken, kommenterer Oksnes.

Etterlyser tiltak

I rapporten etterlyser Utrykkingspolitiet meir toleranse ovanfor unge og eldre førarar som treng meir tid. Dei stiller også spørsmål ved om det er behov for tiltak for at andre trafikantar lettare skal kunne identifisere både yngre og eldre i trafikken.

Vegvesenet har ikkje planar om nye tiltak for denne aldersgruppa, men har på plass enkelte tiltak for bilførarar som er 65 år og eldre.

Mellom anna er bilførarar pålagde å legge fram helseattest frå fastlege når dei blir 80 år for å halde på sertifikatet.

 Guro Ranes, avdelingsdirektør, Statens vegvesen

KURS: Statens vegvesen har informasjonskurs for eldre bilførar frå 65 år og eldre, ifølge Guro Ranes.

Foto: Statens vegvesen

– Gjennom denne screeninga blir bilførarar som ikkje burde køyre bil lenger, plukka ut, seier Ranes.

Utover dette bidreg Vegvesenet med informasjonskurs for dei eldre bilførarane. Alle over 65 år får tilbod om å delta på kurs for å dele erfaringar, diskutere utfordringar og friske opp kunnskapen om nye reglar.

Svingande statistikk

Torkel Bjørnskau er forskar ved Transportøkonomisk Institutt. I motsetnad til politiet, er han ikkje uroa over tala.

Forsker Torkel Bjørnskau står bak rapporten.

TALA MINKAR: Forskar Torkel Bjørnskau seier tala eldre som døyr i trafikken er lågare enn tidlegare, og meiner det går riktig veg.

Foto: Margret Helland / NRK

Han forklarar at tal omkomne i trafikken svingar frå år til år, og at delen eldre som døyr i trafikken har gått ned over tid.

Generelt går risikoen ned, ikkje opp. Sjølv om ulykkestala har auka frå pandemi-åra til no, er trenden veldig klar på at ulykkestala går ned over tid, seier Bjørnskau.

Det er mange faktorar som har medverka til det, mellom anna endra åtferd blant bilistane, tryggare bilar og betre trafikkløysingar.

Krasjar du no ser bilen heilt totalvraka ut. Men det er fordi den er bygd sånn, at medan bilen blir øydelagd, er ein trygg inne i kupeen. Det kjem alle aldrar av bilførarar til gode, òg dei eldre. Det har redusert ulykkestala veldig.