Heile 13 sjåførar fekk 1500 kroner i gebyr kvar for manglande bruk av bilbelte under kontrollar på riksveg 15 i Måløy-området onsdag ettermiddag. Sju sjåførar fekk forenkla forelegg for å bruk av mobiltelefon under køyring. Kvar av desse måtte ut med 1300 kroner, opplyser politivakta.
På eit tidspunkt var det så hektisk for politiet at dei gjekk tomme for gebyrblokker og difor måtte rekvirere nye, opplyser NRK sin fotograf på staden.
Under ein kontroll i Sogndal sentrum vart 31 bilførarar kontrollerte. To fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte og to fekk gebyr fordi dei ikkje hadde med førarkortet på køyreturen.