Arvid Torset reiste frå heimen i Hordvik tysdag 5. mai for å dra på jobb. Ingen har fått kontakt med 41-åringen sidan.
Han køyrde ein mørk lilla, nærmast svart Volvo 940 stasjonsvogn, med svart skiboks på taket. Bilen har registreringsnummer SR 89065.
I samråd med familien går politiet no ut med etterlysing med namn og bilete.
Ber om tips i saka
Den sakna 41-åringen er 186 cm høg og har normal kroppsbygning.
Han snakkar møre/ trønderdialekt, har nordeuropeisk utsjånad og mørkt brunt, kort hår.
Politiet veit ikkje kva klede sakna hadde på seg.
Arvid Torset har vakse opp i Aure kommune på Nordmøre, der han framleis har familie.
Politiet ber personar som har opplysningar i saka om å kontakte Bergen nord politistasjon. Ein kan ringe med observasjonar av den sakna eller av bilen hans.
Ring politiet på telefon 55 25 55 00 eller 02800.