Hopp til innhold

Politiet ber om barnevernsvakt

Politiet i Førde må ta hand om born og la politiarbeid vente. No ber lensmann Jan Egil Tvinde om eit system med barnevernsvakt.

Jan Egil Tvinde
Foto: Brynjar Solheim / NRK

- Det er ikkje tilfredsstillande at vi i dag ikkje har nokon å kontakte i barnevernet utanom kontortid, seier Tvinde til avisa Firda.

Prioriterer born

Lensmannen i Førde og Naustdal seier problemet oppstår når vaksne som blir involvert i straffesaker, har born.

- Då må vi ha fokus på ungane i tillegg til saka vi jobbar med. Vi må prioritere ungane først, og då kjem politisaka i andre rekkje i starten, seier han til avisa og meiner det ikkje er heldig.

Ingen å spele på lag med

Også i saker med familievald og når dei møter born på gatene som ikkje bør sendast heim, eller er for unge til å sitje i fengselscelle.

- For oss er behovet stort kvar gong det oppstår. Politiet blir sitjande med utfordringane fordi vi ikkje har nokon å spele på lag med, seier Tvinde.

Må finne system

Politiet har ei rekkje gonger teke problemet opp med Førde kommune. Tvinde ser føre seg ei telefonvakt fram til klokka 23 på kvardager, men også på natta i helgane. Politiet meiner det også må vere lettare for dei på dagtid å kome i kontakt med barnevernet.

- Vi må finne eit system der det er klart kven politiet skal kontakte i barnevernet. Politiet kan ikkje stå å ringje og ikkje få hjelp når behovet er der, seier kommunalsjef for helse og sosial, Kurt Even Andersen.