Hopp til innhold

Så langt er skepsisen gjort til skamme

Med ein god start på turistsesongen, kan hotelldirektør Richard Grov så langt gle seg over at skepsisen hans ikkje har slått til. Førebels.

Richard Grov

GODT ÅR: 2012 vart nok eit godt år for direktør Richard Grov og Hotel Alexandra.

For hotelldirektøren i Loen frykta sviktande turistmassar frå Europa grunna vanskeleg økonomiske tider på kontinentet.

Men både mai og juni har til sett rimeleg bra ut.

– Turistsesongen ser bra ut. Vi har hatt ei svekking av krona mot euro som sjølvsagt slår positivt ut. Samstundes ser vi at enkelte marknader viser bra tendensar. Som USA, Tyskland og Austen, seier Grov.

Vil opp på ti mill.

Hotell Alexandra gjekk for to år sidan med ti millionar kroner i overskot. I fjor vart resultatet noko lågare, 6,6 millionar kroner før skatt.

Aller helst ynskjer Grov seg opp att på nivået på 2011.

(Artikkelen held fram under biletet)

 Hotel Alexandra i Loen

GODT: Hotel Alexandra i Loen går mot eitt nytt godt år i år.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det er ei målsetning du strekkjer deg mot. Eit godt resultat sikrar framtidig drift, og gjer oss i stand til å halde fram utviklinga, seier hotelldirektøren.

Omsette for 136 millionar

Medrekna Loenfjord omsette hotellet for over 136 millionar kroner i 2012. Driftsavkastninga for dei to var i overkant av 24 millionar kroner.

Åleine stod Alexandra for kring 22 millionar kroner av dette.

– Slik at resultatet før skatt er anstendig bra. Men desse tala må vi ha, og helst meir for at vi kan vere trygge på at vi er i stand til å investere vidare inn i framtida. At vi kan investere og er i stand til å investere er ein av nøklane til suksess, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hotell Loenfjord

LOENFJORD: Hotel Alexandra eig også Hotel Loenfjord, som ligg 100 meter unna.

Foto: Ottar Starheim / NRK

På veg opp att

2006 er framleis toppåret med eit driftsresultat på nær 17 millionar kroner. Sidan peika pilene nedover.

Finanskrisa råka reiselivet hardt i 2008, men siste åra har pilene peika oppover att. I fjor bygde hotellet ti nye rom i 7. av åtte etasjar.

– Resultata vi kan legge fram, set oss i stand til å gå inn i framtida med optimisme og pågangsmot og nye investeringar, seier Grov.