Hopp til innhold

Personbil køyrde i buss

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein buss og personbil støytte i 16.30-tida saman på E16 ved Skjerping i Aurland.

Ulukka vart meldt politiet klokka 16.33. Ambulansen vart kalla ut for å ta seg av personane som sat i personbilen. Det var truleg ikkje snakk om alvorleg skade.

– Det sat to personar i personbilen. Begge er ved bevisstheit, men har klaga over smerter, opplyser Sunniva Dybvik ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no.

Bussen var på veg i retning Voss med 39 passasjerar. Uhellet skal ha skjedd medan bussen stod stille. Personbilen skal ha køyrt inn i bussen.

– Bussen var køyrbar etter samanstøyten og ingen personar kom til skade i uhellet, seier Dybvik.

Vegen er ikkje stengd som følgje av uhellet.