Hopp til innhold

Pengane renn ut hos Aker i Florø

Pengane renn ut ved skipsverftet til Aker Yards i Florø.

Aker Yards gjekk med eit underskot på 533 millionar kroner før skatt i siste kvartal i fjor. Det var 74 millionar kroner dårlegare enn på same tid i fjor.

- Aker Yards ser positivt på marknaden etter eit kvartalsresultat som er svakt og skuffande, fortel styreformann og konstituert konsernsjef Svein Sivertsen til nyheitsbyrået Reuters.

Tapte pengar i Florø

Han seier vidare at ein årsomsetnad på 34 milliardar kroner utan å tene ei krone talar for seg.

- Vi har tatt på oss bygging av for mange skip og prototyper i Finland. I Florø har vi tatt på oss prosjekter som vi ikkje var klare til å ta på oss, seier Sivertsen.

Finansdirektør Leif Borge forklarar at resultatet er påverka av to tapsavsetningar: ytterlegere seks hundre millioner kroner på ferjeprosjekt i Finland og ytterlegere 150 millioner kroner på porteføljen i Florø.