Måndag er første dagen sentralsjukehuset i Førde har pasientvertar klare til å hjelpa pasientane med informasjon, transport og liknande ting.
– Initiativet kjem av at me har fått ein del signal, både frå pasientar og behandlarane, drosjesjåførar og dei i resepsjonen om at det er ein del folk som ikkje har det tilbodet dei bør ha når dei kjem til eit sjukehus, seier Nils Helge Friborg, ansvarleg for tiltaket.
Pasientvertane møter ein allereie i døra, eller faktisk ute på parkeringsplassen når ein kjem med sjukehusbussen.
– Då skal pasientvertane vera der og visa pasientane vidare dit dei skal.
(Artikkelen held fram under bilete)
Tre pasientvertar kvar einaste dag
– Eg skal vera til stades, ta i mot pasientane, rettleie dei og gi dei tryggleik slik at dei er trygge på at dei finn plassen dei skal til, seier Sigrid Grimelid Kirkebø, ein av dei nye pasientvertane.
Kvar dag er det to pasientvertar på jobb, samt ein som berre jobbar med drosjekoordinering.
– Eg trur det er eit veldig stort behov for dette. Eg har jobba her tidlegare, og eg har sett behovet. Pasientar som kjem er ofte utrygge og dei veit ikkje kor dei skal, so eg trur dette er veldig lurt for pasientane, seier ho.
(Artikkelen held fram under bilete)
Ein vanleg arbeidsdag for pasientvertane blir å gå rundt i resepsjonen, på venterommet eller andre stader på sjukehuset, hovudsakleg i første etasje, og vera tilgjengeleg for dei som treng hjelp.
– Svær maskin med mange avdelingar
– Dei pasientguidane eg har treft so langt har gjort ein kjempejobb. Dei hjelpte meg med å skaffe meg ladar til telefonen, so det er heilt fint, seier pasient Arne Strand. Han vart lagt inn i helga, og skal etter planen opererast tysdag.
– Eg trur det trengst eit slikt tilbod.
– Kvifor?
– Sjukehuset er ei svær maskin med mange avdelingar, og folk er jo ikkje kjende når dei kjem hit. Då trur eg det er veldig viktig at dei vert geleida på rett plass og at dei vil føla seg teke hand om.
– Me er også behjelpelege med utfylling av pasientreiseskjema. Dei skal jo også takast hand om til og frå sjukehuset. Dei veit at me passar på at dei kjem seg frå sjukehuset med buss eller drosje til rett tidspunkt, skyt Grimelid Kirkebø inn.
– Eg trur sjukehuset sparar pengar på det. No er det éin person dei skal spørja, i staden for å springa rundt og spørja alle ein ser, seier Strand.