Hopp til innhold

Politiet måtte rydde opp i parkeringstrøbbel på Vikafjellet

To kilometer lange rekker med parkerte bilar og ein havarert trailer laga bom stopp på Vikafjellet. No går trafikken som normalt igjen.

Trafikkaos på Vikafjellet

TRAFIKKAOS: Mange parkerte bilar har laga trafikkaos på riksveg 13 Vikafjellet.

Foto: Gunnar Kleven / Sogn Avis

SISTE: Trafikken går som normalt på Vikafjellet, opplyser politiet og Vegtrafikksentralen.

– Meldingane går ut på at det er trafikkaos, sa trafikkoperatør Albert Sherington ved Vegtrafikksentralen til NRK tidlegare i ettermiddag.

Riksveg 13 Vikafjellet vart stengt etter at mange bilar hadde parkert i vegen ved Skjelingen. Dei skapte utfordringar for andre bilistar som skulle forbi. I tillegg hadde ein trailer havarert.

– Rundt kvart på to fekk vi meldingar om kaostilstandar på fjellet. Kring to kilometer med parkerte bilar på begge sider av vegen gjer at berre eit køyrefelt er ope, opplyste Sherington.

Vikafjellet

TRAFIKKAOS: Mange parkerte bilar har laga trafikkaos på riksveg 13 Vikafjellet.

Foto: Statens vegvesen / webkamera

– I tillegg skal ein trailer ha fått havari. I samråd med politiet har vi stengt fjellet, la han til.

NRK har snakka med ein bilist som var på veg i retning Vik, han fortel at dei stod bom fast i to timar som følge av trafikkproblema.

Bilisten fortel at enkelte hadde parkert midt i 80-sona.

Laster Twitter-innhold

Politiet måtte rykke ut til staden for å løyse opp i trafikkaoset.

– Politiet har meldt tilbake at grunna smal vegbane og mange bilar langs vegen er det vanskeleg å få fjerna vogntoget. Derfor har vi måtta stenge fjellet, opplyste Sherington.

Like over kl. 15 sa operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt at dei hadde fått litt flyt i trafikken.

Vikafjellet

KØ: Mange parkerte bilar laga trafikkaos og kø på Vikafjellet i dag.

Foto: NRK-tipsar

– Vi er der med to patruljar og dirigerer trafikken for å få flyt igjen. Vi lukkast dels med det, no er der i alle fall bevegelse, fortalde Algrøy.

– Det ser ut til at ein del folk kjem tilbake til bilane sine og flyttar desse så det vil nok løyse seg om ikkje så lenge, la han til.