Hopp til innhold

Paraply, støvlar og regnjakke

Dette er utstyret du treng dei neste dagane. For det ligg framleis ei mørk sky over Sogn og Fjordane.

Vindreken i Balestrand

SNØ OG BLOMSTRING: Vindreken i Balestrand fekk eit nytt lag av snø natt til søndag. samstundes står det fleire tre i blomst.

Foto: Robert Jan Leerink

- Vi kan vel seie at det vert ein noko vindfull start på veka, seier statsmeteorolog Steinar Skare.

Storm ved Stad

Vindreken i Balestrand

SKULLE VORE SOMMARSTEMNING: Siste veka i mai skulle ha vore solrik og varm. Meteorologen varslar storm, vind og regn.

Foto: Robert Jan Leerink

Han har oversikt over kva vi kan vente oss av vêr dei neste dagane, og har lite godt å komme med for dei som lengtar etter sol og varme.

- Det vert nok sør og sørvest liten kuling på kysten søndag ettermiddag og kveld, og dette kan også auke til liten storm rundt Stad.

I morgon er det også venta vind og byger, sjølv om det vil dreie søraust og minke litt på ettermiddagen. Så tek det seg opp att til sørleg opp i liten storm langs heile kysten måndag kveld.

Sol på torsdag

Støvler

VÅTT, VÅTARE VÅTAST: Det er venta regn, vind og storm dei neste dagane. Dermed er støvlar ein god ting å ha.

Foto: Elly Solheim

Det vil vere vindfullt og regntung i store delar av Sogn og Fjordane dei neste dagane, og det er også uttrygt for tordenbyger.

- Tysdag vil nok bli den tyngste dagen med mykje nedbør, vind og kald luft, seier Skare. Då vil temperaturen ligg på rundt ti grader.

Og den siste veka i den siste vårmånaden kjem også med snø, rett nok over 800 meter.

Ned i 8 grader

-Onsdag vil det halde fram med å regne og blåse, men det ser ut til at torsdag vil vere den dagen som kanskje vil bli finast. Då er det mogleg at sola dukkar opp og vinden vil roe seg, forklarar Skare.

Temperaturane i fylket vil variere mellom åtte til 12 grader dei neste dagane.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.