Hopp til innhold

Paraglider gjekk i bakken i Sogn

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein mann i 50-åra er alvorleg skadd etter ei paragliderulukke ved Turtagrø i Luster.

Politiet fekk melding om hendinga via AMK ved 16.45-tida fredag ettermiddag.

– Etter det vi veit er det ein person som er blitt skadd i samband med landing, seier operasjonsleiar Kjetil Avsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

AMK ved Førde sentralsjukehus opplyser ved 18.50-tida at mannen vart frakta med luftambulanse til sjukehuset og seier han er alvorleg skadd.

Like over klokka 20 fredag kveld frå NRK opplyst at mannen er i ferd med å bli overflytta til Haukeland Universitetssjukehus i Bergen.

Eit augevitne NRK har snakka med såg paraglidaren like før ulukka skjedde.

– Han hadde hoppa ut frå Oskarshaug og eg observerte han rett over Turtagrø. Plutseleg såg eg han ikkje att, fortel augevitne.

Kort tid etter kom ein ambulansebil og eit ambulansehelikopter til staden.