Hopp til innhold

Pallen glapp med 16 sekund

Håvard Gutubø Bogetveit (Førde) kunne like gjerne blitt nummer fire, som nummer 11 under laurdagens 15 kilometer skøyting i Stryn.

Håvard Gutubø Bogetveit

Håvard Gutubø Bogetveit (Førde) fekk den beste plasseringa av dei lokale utøvarane under laurdagens konkurranse.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det var tett bak dei tre medaljeplassane og ned til Gutubø Bogetveit på 11. plass. Førdianaren var 16 sekund frå pallen, men berre ti sekund frå 4. plassen i 18 årsklassa under junior-NM på ski i Stryn.

- Ikkje heilt topp

- Eg klarde å få opp farten, men vart sliten på slutten. Det var ikkje heilt topp, seier han.

Førdianaren vart førre helg Noregsmeister for juniorar i skiskyting, men klarde ikkje å kopiere bragden i langrenn. Han var lenge med i medaljestriden, men måtte gje tapt.

Forkjøla før start

- Det var jobbing heile vegen, men det vart tungt, seier løparen som vakna opp med både sår hals og sår nase laurdag morgon.

- Eg merka det før start, men det prega ikkje løpet. Kroppen kjendes fin ut, seier han.

- Flott arena

Markane og Veten står for arrangør av meisterskapen denne helga. NM for juniorar starta torsdag og både deltakarar og lagleiarar rosa arrangørane for gode langrennsløyper. Hoppdelen av meisterskapen går av stabelen i Bjørkelibakkane. Roy Saugestad, som er utsendt frå skiforbundet, kastar seg på med rosen.

- Det er gode løyper og ein flott arena, seier han.

Magert med medaljer

Ingen av dei lokale løparane var nemnd mellom førehandsfavorittane før meisterskapen, men fleire kunne på ein maksimal dag ha vore med heilt inn i medaljekampen.

Ingen medaljar på dei klassiske distansane torsdag, vart følgd opp med ingen medaljar på skøytinga laurdag. Stemninga var det likevel ingenting å seie på.

Jenteklassane

Anna Kårstad Skaar (Førde) vart beste løpar i klassa for jenter 17 år, med 26. plass. Lagveninna Karoline Holsen Kyte enda på 49. plass av dei 66 løparane.

I den eldste juniorklassa for jenter, 19/20 år, vart Elisabeth Ida Hildenes (Eid) beste lokale utøvar på 25. plass. Sigrid Hjelle, også ho frå Eid, vart nummer 31.