Hopp til innhold

Syklist kolliderte med buss - vart lettare skadd

Ein syklist vart lettare skadd då han kolliderte med ein buss i Førde onsdag morgon.

Syklist påkøyrd Firda Billag

SYKKEL MOT BUSS: Uhellet skjedde ved busstasjonen i Førde.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Uhellet skjedde ved rutebilstasjonen til Firda Billag . Politiet fekk melding om uhellet klokka 8.15.

Politiet opplyser at syklisten, ein yngre gut, vart lettare skadd. Han er frakta til Førde Sentralsjukehus.

Førde og Naustdal lensmannskontor skal no etterforske nærare korleis uhellet skjedde.

Syklist påkøyrd i Førde

SIKRAR SYKKELEN: Politiet undersøker sykkelen til guten som kolliderte med ein buss.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK