Hopp til innhold

Øyvind blei frisk av å gjere det han frykta mest

På åttitalet forsøkte psykiateren ein ny metode mot panikkangst. Meir enn 30 år seinare er nesten alle pasientane i studien friske.

Øyvind Hegrenes

ANGSTEN I SJAKKMATT: – Alle med angst burde få tilbod om behandling i grupper, det viser at ein ikkje er aleine og hevar terskelen for å kome utan å ha gjort leksa si, seier Øyvind Hegrenes.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

– Det kom som eit slag i magen, heilt utan førevarsel. Som å miste kontroll over eigen kropp og tru at ein held på å bli galen.

På slutten av 80-talet heldt panikkangsten eit stramt grep om livet til Øyvind Hegrenes. Han fortalde først historia si til Firda.

Angsten førte han inn i eit forskingsprosjekt i regi av lege og psykiater Egil Martinsen.

Året var 1988 og Martinsen ville forsøke ei ny tilnærming. I staden for å leite etter dei bakanforliggande årsakene til angsten, ville Martinsen og teamet hans starte i andre enden, ved å eksponere pasientane for situasjonar som trigga den brå og uventa kjensla av frykt og ubehag.

– Me ønskte å provosere fram symptoma for å ufarleggjere dei, seier Martinsen.

I alt var 68 pasientar ein del av forsøket.

John Roger Andersen (t.h) Thorbjørn Olsen (t.v)

FAGMILJØ PÅ VERDSKARTET: Thorbjørn Olsen, klinisk spesialist i kognitiv terapi og John Roger Andersen, forskar i Helse Førde og professor Høgskulen på Vestlandet, har saman med Egil Martinsen studert pasientar med angst over rekordlang tid.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

– Slår alle rekordar

31 år seinare er det gjort opp status, og resultata viser høg tilfredsheit og livskvalitet blant dei tidlegare pasientane – heilt på linje med resten av befolkninga.

– Dette er ein studie som kjem til å bli sitert og lagt merke til, seier psykolog Bjarne Hansen.

Han er kåra til ein av dei 50 viktigaste personane i verda innan helse av Time Magazine, for sitt arbeid med behandling av angst.

Mangelen på langtidsstudium har vore ei innvending mot kognitiv atferdsterapi. Metoden har dessutan vore kritisert for å gjere for lite med årsakene til panikkangst, fordi den fokuserer mest på angstmeistring.

– Ut frå våre funn er det ikkje hald i denne hypotesen, seier Martinsen.

Bjarne Hansen

ROSAR HELSE FØRDE: Bjarne Hansen, psykolog og professor i Helse Bergen og Universitetet i Bergen, seier det er imponerande å sjå at over 90 % framleis har veldig god effekt av behandlinga dei fekk på 90-talet.

Foto: Håvard Kallestad

– Faktisk heilt friske

Han får støtte frå forskar i Helse Førde og professor ved Høgskulen på Vestlandet, John Roger Andersen.

– Funna viser at pasientane ikkje berre blir betre, men faktisk heilt friske. Derfor meiner me det er viktig at det blir etablert eit godt standardisert behandlingstilbod i heile Noreg basert på denne filosofien.

Han viser til at det per i dag er tilfeldig kva behandling angstpasientar får tilbod om – avhengig av kvar i landet ein bur.

I mange tilfelle blir alternativet individuell samtaleterapi – og medisinering.

Thorbjørn Olsen, klinisk spesialist i kognitiv terapi, har vore med på studie sidan starten og engasjerer seg framleis for å dele dei gode erfaringane.

– Den breie kartlegginga viser dessutan høg tilfredsheit med behandlinga og har fått ein livskvalitet heilt på linje med resten av befolkninga.

Blei nærast invalid

Hegrenes minnest tilbake til åttitalet. Som ein del av eksponeringsterapien blei han utfordra til å gjere ting som trigga angsten.

Øyvind Hegrenes

PREGA I FLEIRE ÅR: Ein ung Øyvind Hegrenes på midten av 80-talet, da angsten framleis prega livet hans.

Foto: PRIVAT

– Den første oppgåve var å gå tre etasjar ned i kiosken og kjøpe ein boks pastillar – utan å få angst.

No håper han at fleire får tilgang til behandlinga som gav han livskvaliteten attende.

– Eg håpar særskilt det blir satsa mot å hjelpe ungdom, som har heile livet føre seg.