Hopp til innhold

Øyfolket fekk att straumen etter seks månader 

Etter eit halvt år etter at straumen vart vekke, fekk dei fire bebuarane på Gåsvær årets julegåve: Ein ny sjøkabel med straum.

Heilt der ute i det som vert rekna som «den vestlegaste kommunen i landet» ligg øya Gåsvær.

Hit kom straumen i 1964, via ein åtte kilometer lang sjøkabel. Men tida tærer på alt, og i sommar rauk kabelen.

Og sidan har øyfolket vore utan straum. I seks månader har difor lyden av sjø, vind og måkeskrik fått selskap frå duren til opptil fleire dieselaggregat.

Vel, ikkje så veldig mange.

Fekk nystrukke straumkabel

For det er ikkje mange som bur på Gåsvær. Faktisk berre fire stykkar, som berre er ein brøkdel av alle dei som budde her då fisken krydde og staten tok kostnaden med å kopla øyfolket på straumnettet.

Og i mellomtida har staten – ved Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) – fått «leveringsfritak» for Gåsvær. Den nasjonale nytteverdien av å forsyne dei få attlevande med straum var ikkje lenger stor nok til å forsvare investeringa i ein ny kabel.

Så kva då med dei attverande – må dei berre venne seg til lyden av dieselaggregat? Eller verre: Flytte?

Nei, for denne veka kom BKK med årets julegåve: Ein nystrukke straumkabel. Attpåtil med større kapasitet enn den førre, slik at alle på øya kan preparere julemiddagen til same tid.

Anne Marie Gåsvær med sonen Andreas og barnebarnet Selma.

FLOTT: – Det er kjempeflott at vi får ny kabel, og han har bra kapasitet, seier Anne Marie Gåsvær, som bur på øya. Her med sonen Andreas og barnebarnet Selma.

Foto: Oddmund Haugen

Kunne ikkje lage julemiddag samtidig

«Bandbreidda» på den gamle kabelen var nemleg slik at øyfolket måtte vere solidariske og bytte på å bruke han til dei mest kraftkrevjande komfyroppgåvene, for eksempel julemiddagen.

– Det er kjempeflott at vi får ny kabel, og at han har så bra kapasitet, seier Anne Marie Gåsvær, som bur på øya, og skal ete pinnekjøtt på julaftan.

I tillegg til å føre straum inneheld den nye kabelen også fiber, i tilfelle nokon på øya får lyst på internett.

Arild Fleten i BKK seier til NRK at han er glad for at dei har klart å halde kostnadane nede. For, som han antydar: God butikk, er det ikkje.

– Dette er ekstremt. Det er ikkje mange prosjekt som er så omfattande og treff så få kundar, seier han.

LENGST VEST: Det er ikkje så mange som bur på Gåsvær. Faktisk berre fire stykkar.

Må investere 135 milliardar

I 2019 la NVE fram ein rapport om at dei må investere 135 milliardar kroner dei neste ti åra, for å kunne gjere nødvendige oppgraderingar og utvidingar i det norske straumnettet.

I Noreg er det rundt 300 øyer der det bur folk. For fleire av desse vil det vere meir kostnadseffektivt å ta i bruk ny teknologi framfor å erstatte gamle sjøkablar.

Eit eksempel på det er «whisky-øya» Myken, midt ute i havgapet på Helgelandskysten.

Den vesle øya med omtrent ti fastbuande innbyggjarar har fått straumen sin via ein 32 kilometer lang kabel.

Kopier referanse Oddvar Skaar, Arild Fleten og Stein Vavik i BKK.

ÅTTE KILOMETER LANG: Slik ser det ut når øyfolket på ny vert knytt til straumnettet.

Foto: Nils Ole Refvik / BKK

Skal teste ut er eit hydrogensystem

Etter at dei var to månader utan straum i 2018, starta øysamfunnet arbeidet med å finne betre alternativ.

Løysinga dei skal teste ut er eit hydrogensystem i kombinasjon med vind og sol.

I periodar der dei ikkje trenger all energien kan overskotsstraumen brukast til å spalte sjøvatn til hydrogen og oksygen.

Dersom hydrogenprosjektet lykkast, kan det bli modell for fleire tusen andre små øysamfunn rundt omkring i verda, seier Sintef- forskar Kyrre Sundseth.

– Hovudgrunnen til dette er at vi kan lagre energien i form av hydrogen over lengre tidsrom, som gjer at vi ikkje treng kostbare batteri eller eksterne energikjelder, sjølv i periodar utan sol eller vind.

Gåsvær

GÅSVÆR: I Noreg er det rundt 300 heilårsbuande øyer med få fastbuande.

Foto: Nils Ole Refvik / BKK