Overraska innbrotstjuv
Ein mann i 20-åra braut seg i natt inn i eit husvære i Førde. Husværet tilhøyrde ein annan mann i 20-åra som overraska inntrengaren og jaga han på dør, skriv Firda. I følge politiet skal det ha vore ein konflikt mellom dei to mennene, og at det skal ha vore årsaka til innbrotet.