Hopp til innhold

Overgrepsdømt tidlegare trenar ankar til Gulating

Den tidligare trenaren i 30-åra ankar overgrepsdommen frå Hordaland tingrett, melder Bergens Tidende.

I tingretten blei mannen dømt til fengsel i fire år og to månader for overgrep mot ei jente og fem kvinner som han var trenar for.

Overgrepa skal ha skjedd gjennom ein periode på nesten ti år. Med unntak av éi jente, var alle over 18 år då overgrepa skal ha skjedd.

Ifølgje tiltalen bygde mannen i 30-åra opp eit avhengigheits- eller tillitsforhold til dei fornærma, som han var trenar for. Dette skal han ha utnytta for å få seksuell omgang.

Mannen nekta straffskuld i tingretten.

– Han ankar fordi han meiner han er uskuldig dømt, seier forsvarar Torbjørn Sognefest til avisa.

–Han meiner forholda var basert på naturlege relasjonar som utvikla seg.

Mannen blei òg dømt til å betale nær 1,2 millionar kroner i erstatning til dei seks fornærma.

Hordaland tingrett

Idrettstrenar tiltalt for overgrep mot seks jenter

Ein idrettstrenar i Vestland er tiltalt for seksuelle overgrep mot seks jenter som han var trenar for.