Når Vågsøy truleg innfører skatten på neste kommunestyremøte, har 20 av 26 kommunar i fylket eigedomsskatt.
I sentrale delar av landet er det svært lite eigedomsskatt. Oslo har ikkje skatten, det er svært lite av den i folketette fylke som Akershus og Vestfold.
Fattige kommunar
Medan 66 prosent av kommunane i landet har innført ordninga, vil Vågsøy løfte prosentdelen til 77 i Sogn og Fjordane ha eigedomsskatt. Også Fjaler vurderer å innføre skatten.
- Dei siste åra har nok fleire og fleire kommunar innført eigedomsskatt. Det kan sjå ut som om innføring av eigedomsskatt har ein klar samanheng med kommuneøkonomien, stadfestar Helge Høve, fagrådsleiar for eigedomsskatt i KS.
To årsakar
I tillegg til økonomi, trur Høve at det politiske landskapet i Sogn og Fjordane kan vere ein annan grunn til at fylket ligg langt over landssnittet.
- Det er vel ein tendens til at det er nokre parti på høgresida som har programfesta at dei er imot eigedomsskatt, medan dei andre partia har eit litt meir positivt syn på eigedomsskatt, seier han.
Naudsynt onde
Stryn innførde eigedomsskatt frå 2008. I år får dei inn 9,3 millionar kroner frå skatten. Arbeidarparti-ordførar Nils P. Støyva trur endå fleire kommunar i fylket blir nøydde til å ta skatt på eigedomar.
- Det er for så vidt ikkje ynskjeleg å innføre eigedomsskatten, men ser ein totaløkonomien i kommunen, så var det naudsynt å gjennomføre, seier han.