Hopp til innhold

Opptur for Tarjei Bø

Stryningen Tarjei Bø enda på ein 9. plass under dagens 15 kilometer. – No er sjølvtilliten på plass når det gjeld skytinga, no skal eg jobbe med den fysiske forma.

Video -Jeg manglet litt fysisk

SJÅ INTERVJUET: - Eg mangla litt fysisk, seier Tarjei Bø etter niandeplassen søndag.

Han er nøgd med løpet i Holmekollen i dag, men innser at han manglar litt fysisk.

– Til vanleg skal eg vere med å kjempe om pallen, men eg kan ikkje vere skuffa no. Det har gåttt rett veg og eg gjorde ein god jobb på skytinga, seier han.

Bø gikk inn til ein 9. plass, og kom i mål eitt minutt og 10 sekund bak Emil Hegle Svendsen som vann.

Sjølv om både Bø og Svendsen hadde to bom kvar i dag, var ikkje stryningen i nærleiken av å følgje farten til landsmannen i sporet.

Bø var også nøgd med løpet sitt laurdag, men hadde då eit dårleg utgangspunkt. Han starta som nummer 28 og gjekk seg opp til ein 20. plass. Dei siste renna har han hamna langt nede på resultatlistene.

Det er veldig uvant, for det har ikkje gått som eg ville. I starten prøvde eg å ignorere det, men etter kvart har eg innsett at eg tapte ein del etter eg var sjuk. No har eg innsett at eg ikkje er verdas beste skiskyttar. No er det lettare å godta det og prøve å jobbe meg fram til å bli beste i VM.