Hopp til innhold

Oppsumerte Dagmar med kraftselskapa

Kraftselskapa fekk ros for oppryddingsarbeidet, men fekk ingen lovnader om kompensasjon då dei fredag ettermiddag møtte olje- og energiministeren til oppsummeringsmøte etter «Dagmar».

Olje- og energiminister Ola Borten Moe

LYTTA TIL ERFARINGANE: Ola Borten Moe (Sp).

Foto: PETAR KUJUNDZIC / Reuters

– Det var eit svært godt møte, sier nettsjef Asgeir Aase i Sogn og Fjordane Energi.

Klapp på skuldra frå statsråden

Han representerte Sogn og Fjordane på møtet der Norsk Energi, departementet og representantar for kraftselskap i dei ulike delane av landet som vart ramma av uvêret «Dagmar» i romjula deltok.

– Vårt poeng var å få fram at ein orkan av ein slik styrke er noko som er heilt ekstremt. Dette var det stor forståing for. Vi fekk full aksept for at dette vart takla på ein fortreffeleg måte frå bransjen si side. At vi fekk på plass alt mannskapet som jobba nesten døgndrift i heile jula.

Kan bli straffa tungt økonomisk

På møtet fekk kraftselskapa også drøfta saka som blir det den store bøygen etter uvêret. Nemleg at NVE etter regelverket kan krevje kvart av selskapa for titals millionar for manglande straumleveranse når nettet var nede.

– Det finst eit system der ein rett og slett blir trekt for inntekt dersom ein ikkje kan levere. Dette er snakk om svære summar. Fleire titals millionar for kvart enkelt selskap, samstundes som ein har store utfordringar i å skulle investere i nytt nett. Det synest vi er svært urimeleg når det er vêret, og ikkje vårt vedlikehald som gjer at vi ikkje kan levere straum til kundane, seier Aase.

Inga avklaring

Men om Ola Borten Moe vil sjå bort frå denne regelen i samband med uvêret «Dagmar», fekk straumleverandørane ikkje svar på under møtet i Oslo.

– Det kom ikkje andre lovnader enn at ein må avvente det som i første omgang blir NVE si sakshandsaming. Men det var i alle fall eit poeng å få skildra at i slike forhold så er det eit unntak frå det vanlege. Dette vart forklart på ein god måte, og eg føler at statsråden lytta til det vi hadde å seie.

Blant andre tema som vart drøfta på møtet var sårbarheita til linjenettet og spørsmålet om kabelgatene bør bli breiare, slik at tre ikkje fell over linjene.