Regjeringa foreslår å løyve 30 millionar kroner til E39 Torvund – Teigen i Høyanger kommune.
Anleggsarbeidet skal ta til hausten 2009, og prosjektet skal etter planen opnast for trafikk i 2012.
Prosjektet omfattar ei om lag 5,5 kilometer lang strekning. Om lag 2,6 kilometer av den nye vegen skal leggjast i tunnel. Bygging av gang- og sykkelveg, tilpassing til lokalvegsystemet og fire mindre bruer inngår også i prosjektet.
Førebels kostnadsoverslag er 370 millionar kroner.