Hopp til innhold

Oppdrettselskap blir politimeld

Oppdrettsselskapet Marine Harvest er meld til politiet for overproduksjon av setjefisk på anlegget på Haukå i Flora kommune.

Oppdrettsanlegg

POLITIMELD: Oppdrettsanlegget Marine Harvest i Flora er meld til politiet etter at Fylkesmannen meiner dei har produsert for mykje. (Arkivfoto)

Foto: Marine Harvest

Fylkesmannen meiner Marine Harvest har produsert 70 prosent meir enn det som er tillate, og at det har pågått sidan 2008. Overproduksjonen skal ha forureina miljøet rundt anlegget.

Fylkesmiljøvernsjef Gøsta Hagenlund seie dette er svært uvanleg, og ser alvorleg på saka.

– Vi har fått opplysningar som tyder på at dei har hatt mykje større produksjon enn det vi har gitt utsleppsløyve til. Dette skal ha gått føre seg i fleire år, seier ho.

Negativt for miljøet

Haukå setjefiskanlegg har utsleppsløyve frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for utslepp frå produksjon av 236 tonn fiskebiomasse. Fylkesmannen meiner verksemda sidan 2008 har produsert opptil 400 tonn årleg som er nesten 70 % meir enn tillate. Dette skal ha ført til negative miljøverknader på sjøbotnen.

– Eit setjefiskanlegg produserer laksesmolt, så det er organisk stoff frå den produksjonen vi har sett i sjøen. Døme på det er fiskeekskrement, for og restar av fisk, seier Hagenlund.

Ser svært alvorleg på det

Han seier dette er ei form for overbelastning ein ikkje kan gjere utan at det er strengt regulert og i samsvar med løyve som er gitt. Hagenlund seier dei ser alvorleg på saka.

– Brot på utsleppsløyve er eit brot på eit tillitsforhold mellom forvaltning og næring. Særleg alvorleg er det når dette har gjort skade på miljøet, seier han.

Vil ikkje fleire kommentarar

Kommunikasjonssjef Marte Grindaker i Marine Harvest stadfestar at dei har fått ein e-post frå Fylkesmannen om at dei er politimelde,

– Dei meiner det er forureining i sjøområdet. Vi har ikkje sett denne meldinga enno, så vi har bede om å få sjå den. Fram til vi har sett dokumenta, vil vi ikkje gi fleire kommentarar, seier ho.