Hopp til innhold

Opna den nye storstova for kunsten

Den nye storstova for kunst i Sogn og Fjordane vart opna i Førde med brask og bram laurdag. Over 1000 personar hadde møtt opp for å få med seg den storstila opningsfesten.

Morten Johan Svendsen under opninga av Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde

OPNA STORSTOVA: Direktør for Sogn og Fjordane kunstmuseum, Morten Johan Svendsen, vart rørt av at over 1000 menneske tok turen til opninga.

Foto: Alf Vidar Snæland

Det var tjukt av folk, både store og små, utanfor det nye Sogn og Fjordane kunstmuseum i sentrum av Førde laurdag ettermiddag.

Så mange var det som kom for å få med seg opninga av direktøren for kunstmuseet vedgår at han rett og slett vart rørt.

– Dette rører ein museumsdirektør, å sjå så mange menneske kome på opninga. Det var fantastisk hyggjeleg, seier Morten Johan Svendsen til NRK.no etter opninga.

Har venta i ti år

For det vart verkeleg ei minnerik opning for museumsdirektøren og andre kunstinteresserte i fylket. Gjester frå fjern og nær hadde teken turen for å få med seg opninga av Sogn og Fjordane kunstmuseum sitt nybygg i Førde.

Det har kosta 93 millionar kroner å få bygget på plass, og det har gått over ti år sidan ein byrja på planane til ting no endeleg står klart.

Svendsen meiner uansett at både pengane og ventetida har vore verdt det.

– Det har vore lenge å vente, og vi heldt nesten på å gje opp. Men heldigvis så tur eg også at politikarane såg den kunstinteressa som er i fylket, og at dei ønskja å slå eit slag for dette, seier Svendsen oppglødd.

(Artikkelen held fram under biletet)

Opninga av det nye kunstmuseet i Førde

HUNDREVIS: Så mange som 700 personar skal ha teke turen til opninga av det nye museumsbygget i sentrum av Førde.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Tilgjengeleg kunst

Mange av dei som tok turen for å vere med på opninga seier til NRK at dei vart positivt overraska over kor tilgjengeleg kunsten er her. Det er ikkje store glasmontrar rundt kunsten, og folk kan gå rundt den eller sitje på den.

Det at ein kom så nær på sjølve kunstverka var noko folk meinte gjorde kunsten endå meir tilgjengeleg og ikkje til noko framand.

Leiar i Sogn og Fjordane kunstlag, Marianne Hoff, er blant dei som er imponert over kva ein har fått til i det nye bygget.

– Det er heilt fantastisk. Eg synst det er utruleg kor mykje vi har fått sett kunsten, sjølv om det har vore så mykje folk. Ein har kunne gå rundt å sjå på kunsten og fått kose seg med mange inntrykk, seier Hoff til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Åshild Kjelsnes på opninga av det nye kunstmuseet

FØRSTEMANN: Åshild Kjelsnes var den første som fekk gå inn i det ho håpar skal bli framtida for kunsten i Sogn og Fjordane.

Foto: Alf Vidar Snæland

Skal bli eit brukshus

I årevis har kunstnarar og kunstinteresserte etterlyst eit stort og samlande kunstmuseum i Sogn og Fjordane. No står bygget som kan bli nettopp dette endeleg klart, midt mellom forretningsbygga i sentrum av Førde.

Med sine kvite glasfasade som lyser opp om natta går det ikkje an å unngå å legge merke til bygget. Direktøren for kunstmuseet, Morten Johan Svendsen, håpar mange vil besøke museet i tida framover. I fleire av opningstalane vart det teke til orde for at bygget må bli eit brukshus.

– Det er viktig at vi har arrangement i tilknyting til utstillingane, at folk kan kome å diskutere kunst og andre tema, seier Svendsen.

Bygget er på rundt 3700 kvadratmeter fordelt på fire etasjar, og huser både utstillingslokale, bibliotek, kafé og i ei eiga administrasjonsavdeling.

– Skal vere framtida

Harry Mowatt, Åshild Kjelsnes og Olve Grotle under opninga av det nye kunstmuseet i Førde

STOLTE: Harry Mowatt som er styreleiar i Sogn og Fjordane kunstmuseum, fylkesordførar Åshild Kjelsnes og Førde-ordførar Olve Grotle smilte alle og var stolte etter opninga av den nye storstova.

Foto: Alf Vidar Snæland

Svendsen var svært stolt då han i dag kunne opne bygget saman med fylkesordførar Åshild Kjelsnes. Allereie før opninga oppmoda Kjelsnes om at folk var aktive og nysgjerrige publikummarar som tok bygget i bruk, og i sin tale fortalte ho korleis ho meinte bygget skulle vere framtida for kunsten i fylket.

– Vi har fått ei storstove for formidling av kunst i fylket, og denne storstova skal ta oss inn i ei ny tid på dette området, sa Kjelsnes.

– Ordet museum kan fort få oss til å tenkje på fortid, på det som har vore, det litt antikvariske og trauste. Men gløym den tanken. Min klare ambisjon og tanke er at dette skal vere eit bygg som viser oss vegen inn i framtida.

– Opninga av bygget skal vere starten på ei mangfaldig og spennande framtid og vi skal nytte huset til å inspirere til nyskaping og nye inntrykk, sa Kjelsnes frå talarstolen.

Fleire utstillingar

Under opninga kunne publikum nyte to forskjellige utstillingar. Dette er KUNSTsf2012, som er ei slags statusoppdatering for kunsten i Sogn og Fjordane per i dag. Til saman 52 kunstnarar har bidrege til denne utstillingar.

I tillegg er det ei tekstilutstillingar, TECH-STILES, som er produsert i samarbeid med Nord-Norsk kunstmuseum og Kunst- og designhøgskulen i Bergen.

Det er Åsen & Øvrelid som har vore totalentrepenør for bygget, og sidan dei starta bygginga har dei brukt vel 14 månader på å ferdigstille det nye museumsbygget.

Staten har vore inne med vel 20 millionar kroner, Sogn og Fjordane fylkeskommune har gått inn med 36,5 millionar kroner og Førde kommune med 18,2 millionar kroner, og samla er det altså brukt 93 millionar kroner.

Opninga av det nye kunstmuseet i Førde

FULLT: Det var så fullt inne på museet at den formelle blomsterutdelinga måtte utsetjast.

Foto: Alf Vidar Snæland
Besøk Sogn og Fjordane kunstmuseum