Hopp til innhold

Nær utseld ein månad før premiera

Den legendariske VM-kampen mellom Norge og Brasil trekkjer framleis publikum som berre det.

Are Kalvø, Kari Standal Pavelich og Helge Førde

Are Kalvø skriv operaen, medan Helge Førde skriv musikken til årets fotballopera på Nordfjordeid.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Ein månad før urpremiera er det berre att 355 ledige sete fordelt på ti førestillingar. Billettsalet starta i mai. Framsyninga startar 5. oktober.

- Vi er veldig nøgde. Vi la ut i underkant av 5 000 billettar. Det er fantastisk at vi over ein månad før premiera er nesten utselde, seier operasjef Kari Standal Pavelich ved Opera Nordfjord.

Innertiar frå Kalvø

Norge vann den legendariske kampen 2-1. Sterkt medverkande var vår eigen Tore Andre Flo. Stryningen sytte for både scoring og det avgjerande straffesparket som sende Norge vidare til sluttspelet.

- Vi likar å tru at folk kjem uansett kva vi set opp, men eg trur det heilt sikkert har noko å gjere med Are Kalvø sitt val av tema å gjere. Eg trur Norge - Brasil står i mange sitt minne som ei stor idrettshending. Her trur eg han scora ein innertiar, seier Pavelich om den gode oppslutninga.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video OPERA-SCHEIE-130610-WW_MXF_Innboks.MP4

SJÅ: Arne Scheie medverkar i operaen.

Fleire førestillingar

Opera Nordfjord har i år sett opp to fleire førestillingar enn tidlegare år.

- Det har tydelegvis vore eit rett val, seier ho og fortel aktørane no gler seg til å byrje med regiprøvane neste fredag. Dei pågår i Oslo ei vekes tid før heile ensemblet kjem til Nordfjord for å førebu seg til førestillingane.

Skal få sveitte

Medan Kalvø står for manuset, har Helge Førde fått i oppgåve å lage musikken.

- Det eg veit er at det blir mykje rørsle og koreografi - at alle medverkande skal få sveitte og jobbe. Eg trur alle saman kjem til å gå ned i vekt gjennom desse fire vekene med førebuing og framsyningane, seier Pavelich.