Hopp til innhold

Ønskjer seg fleire slike menn

Røde Kors slit med å få menn til å stille opp som flyktningeguidar og andre besøkstenester. – Menn vegrar seg for å drive frivillig omsorgsarbeid, meiner organisasjonen.

Manglar mannlege flyktningeguidar

EIN AV FÅ: Thomas Dale er mann og flyktningeguide. Det er ein sjeldan kombinasjon. Her saman med Idris Abdu og Hamde Abduruhman Hamde.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

Lisa Weldehanna

ETTERLYSER MENN: Flyktningekoordinator Lisa Weldehanna i Røde Kors Omsorg.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

– I mange samanhengar kunne det vore greit å hatt fleire menn.

Det seier Lisa Weldehanna som er flyktningekoordinator i Bergen Røde Kors.

Stort behov

Flyktningeguidane er ein del av Røde Kors Omsorg, og er meint som eit lågterskeltilgod til flyktningar som nyleg har fått opphald i Norge. Men mens menn gjerne stiller til innsats i Røde Kors sine hjelpekorps, melder nesten ingen seg til teneste som flyktningeguide.

Blant 140 flyktningeguidar i Hordaland er heile 80 prosent kvinner.

– Det er eit skrikande behov. Det er mange flyktningar og veldig mange er interesserte i prosjektet. Rett og slett fordi dei ser at det fungerer veldig bra, seier Weldehanna.

Men ho skulle gjerne hatt fleire menn på laget.

– Innan denne delen av organisasjonen er det mange kvinner som er frivillige. Det er supert, men vi skulle gjerne hatt fleire menn.

Treng fleire menn - over heile landet

Mangel på menn er eit problem i dei fleste av Røde Kors sine omsorgstenester. Organisasjonen sine ulike omsorgsaktivitetar har i dag over 15.000 frivillige. Dei aller fleste er kvinner.

– Vi treng absolutt fleire menn som frivillige. Mange tenkjer nok at besøkstenesta berre er for gamle damer som strikkar. Slik er det ikkje. Menn søkjer også kontakt, seier medierådgjevar Vivian Paulsen i Røde Kors.

Ho ønskjer seg fleire menn både til den tradisjonelle besøkstenesta som sosialiserer eldre og pleietrengande, som flyktningeguidar, og til å besøke innsette i fengsel.

– Derfor har vi no gåande ein kampanje der vi reiser rundt og bokstaveleg tala «fangar menn» med ein fiskehov rundt om i hovudgatene ulike stader i landet. Håpet er å få fleire menn til å engasjere seg, seier Paulsen.

– Eg er berre meg sjølv

27 år gamle Thomas Dale er blant unntaka. NRK.no møter han på ein kafé i Bergen sentrum der han har selskap av to flyktningar.

– Ein flyktningeguid er eigentleg berre ein person som «heng» med ein flyktning, forklarer Dale.

Han trur menn kanskje ikkje helt ser føre seg kva det å vere flyktningehjelp går ut på.

– At det er denne omsorgsfana som gjer at dei ikkje heilt kan sjå seg sjølve i den. At det ikkje heilt skjønnar at det går an å berre vere seg sjølv, og vere eit omsorgsmenneske.

(Artikkelen held fram under videoen.)

Flyktningeguide Thomas Dale skulle gjerne hatt fleire mannlege kollegaer.

SJÅ VIDEO: - Å vere flyktningeguide handlar om å jobbe med menneske, seier Thomas Dale.

Kafé og kulturopplevingar

Dale er guid for Idris Abdu (27) frå Eritrea. Dei møtest neste kvar veke på kafé for spele kortspelet idiot, klossmajor eller brettspel. og eg treffast ofte på kafe og spelar brettspel.

– Vi har vore mykje rundt om kring i Bergen sentrum, sett på ulike bygningar, og snakka om Bergen si historie, fortel Dale som har vore flyktningeguide i eit halvt år.

– Det er veldig fint. Han hjelper meg, seier Abdu i det karane og ein venn av Abdu er i gang med å spele klossmajor.

Dei ler. Fleipar litt med kvarandre. Stemingen er god. Dale ser ut som han trivst i oppgåva.

– Det å jobbe med menneske er noko som oftast tiltalar jenter. Det samme ser ein her. Men eg tykkjer det er kjempekjekt å jobbe med menneske. Eg ser ingen grunn til at ikkje vi menn også skulle gjere det, seier Thomas Dale.