Hopp til innhold

Ønskjer meir økologisk mjølk

Tine ber mjølkebønder om å gå over til økologisk produksjon av mjølk. Årsaka er auka etterspurnad. Ifølge Nationen har Tine sendt e-post til mjølkebøndene med tilbod om rådgiving ved omlegging av drifta, samt offentlege tilskot. Målet er at talet på økobønder skal aukast med 40, ein oppgang på 15 prosent.