Hopp til innhold

2.400.000 har sett Øivin (35) bli rundlurt

Videoen om Øivin Vabø som blir rundlurt har gått som varmt kveitebrød sidan torsdag. Allereie er den blitt månadens mest sette norske video på Youtube.

Utdrikkingslag vart verdskjende

HIT: Forlovar Endre Rutledal kom opp med ideen om å utfordre høgdeskrekken til Øivin Vabø. Videoen har gått sin sigersdans på nettet.

Foto: Kjetil Holvik

Klippet der Øivin Vabø (35) frå Vågsøy trur han skal kaste seg utfor ei høgde i strikk, er ikkje berre den mest sette norske videoen på Youtube.

Med nær 2,4 millionar visningar sidan onsdag ettermiddag, er klippet frå utdrikkingslaget hans månadens norske hit - og det med god margin.

Frå «vilt» til «sjukt»

Då videoen passerte 100.000 visningar, meinte hovudpersonen «det er heilt vilt». Laurdag, når videoen har trimma magemusklane til over to millionar personar, er han nærast tom for ord. Og talet, det er stadig veksande.

– Det er så gale. No er det heilt «sjukt». Det finst ikkje ord, ler han på telefon frå Tenerife der han er på bryllaupsreise med kona Christin Aare.

– Det var jo ein video vi la ut for å dele blant kameratar, men det tok jo heilt av, skrattar mannen bak norges mest populære «stup» i eit plaskebasseng.

Blitt kjendis

– Du er blitt kjendis på heile utdrikkingslaget?

Endre Rutledal og Øivin Vabø

KJENDIS: Øivin Vabø (t.h.) og forlovar Endre Rutledal.

Foto: Kristin A. Oldeide

– Tydelegvis. Frå no av kan eg berre kalle meg strikkhopparen.

For etter at NRK omtala videoen torsdag morgon, har den gått som ein farsott på nettet. Lokale media og dei største riksavisene har omtala videoen der høgdeskrekka til Vabø blir utfordra under utdrikkingslaget i byrjinga av juni.

Det har også media i utlandet gjort. Førebels har han likevel fått gå i fred på gatene i Tenerife.

– Christine sa ho såg fram til å nyte meg i fred og ro, men den gang ei. No har ho delt meg med heile verda, ler Vabø.

– Den er heilt ekte

Videoen har fått over 1.000 kommentarar, der mange stiller spørsmålsteikn ved om videoen er ekte.

Ein brukar har også reposta videoen som ein tillaga video.

– Eg har sett det dei stiller spørsmål ved om det er ekte, men eg kan trygt stadfeste at dette er heilt ekte. Det var tvilen og frykta også, seier Vabø som vedgår han frå tid til annan har vore innom nettet via mobilen for å følgje utviklinga.

Glad han hoppa

Med over ein milliard brukarar er potensiale for mange visningar svært bra på Youtube.

Tidenes mest besøkte norske video har over 90 millionar treff. Ser ein påverdsbasis er det milevis opp til den sør-koreanske K-pop-låta «Gangam style» med nær to milliardar visningar.

– Det er ikkje litt flautt å vite at heile verda har fått med seg at du vart rundlurt?

– Nei, eg trur faktisk det hadde vore verre om eg ikkje hadde hoppa. Så eg er berre glad for at eg gjorde det.

NB! Søndag føremiddag var videoen oppe i 2,8 millionar visningar.