Nytt selskap skal hente bosset
Sunnfjord Miljøverk har inngått ein avtale med det norske selskapet NordRen om henting av søppel fram til 31. mars 2019. Selskapet som har hovudkontor i Sørum utanfor Oslo tek over bilane og dei tilsette frå konkursbuet til RenoNorden, som køyrde rutene tidlegare. Det vert ikkje endringar i rutene, opplyser selskapet i ei pressemelding.