Hopp til innhold

Nytt jordskjelv berre timar etterpå

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

For andre gong på berre nokre timar vart deler av Vestlandet skaka av nok eit jordskjelv. Skjelvet som vart registrert like over klokka 12 laurdag var merkbart både i Sogn og Fjordane og Hordaland.

– Eg sat i sofaen og las, og plutseleg så høyrer eg ein slik dur. Så rista heile huset, seier Alvhild Gudvangen i Høyanger.

Ho er blant dei mange vestlendingane som fekk seg ein liten støkk då jorda plutseleg rista like over middagstider laurdag. Dette er andre gong på berre fem timar at Vestlandet blir skaka av eit jordskjelv.

– Eg er heilt skjelven enno, seier ho til NRK.no.

Målt til styrke på 3,3

Jordskjelvekspert, Kuvvet Atakan ved Universitetet i Bergen har blitt nedringt for andre gong denne laurdagen. Også like over klokka 07 laurdag morgon vart mange vestlendingar vekt av eit jordskjelv.

Skjelvet som vart registrert like over klokka 12 hadde ein styrke på 3,3. Det er sterkare enn skjelvet som vart registrert utanfor Fedje klokka 07.05, som var på 3,2.

– Vi har førebels lokalisert skjelvet til Voss, men vi vil sjå om vi kan lokalisere det enno nærare ved å sjå nærare på våre data, seier Atakan til NRK.no.

Han har førebels ikkje oversikt over kor langt nord skjelvet var merkbart, men seier dei allereie har fått meldingar frå Hordaland politidistrikt. NRK har snakka med folk både i Høyanger og Førde som også har merka det.

Det er berre ti dagar sidan sist eit jordskjelv skaka Vestlandet.

Største skjelv på over 100 år

Skjelvet som vart registrert ved Voss klokka 12.05 er det sterkaste som er registrert i området på over 100 år. Ikkje sidan 1905 har det vore så kraftige skjelv, seier Atakan til BT.no.

– Vi ser auka aktivitet fordi jordskorpa er belasta av spenningar i dette området, seier Atakan til nettstaden.

Han seier samtidig at det førebels ikkje er grunn til å tru at det er samanheng mellom dei to jordskjelva på Voss og utanfor Fedje.

– Dette er spesielt

Kuvvet Atakan

OVERRASKA: Jordskjelvekspert Kuvvet Atakan vedgår at han er overraska over at det var eit nytt skjelv berre timar etter det førre.

Foto: UiB

Sjølv har ikkje jordskjelveksperten merka noko til dei to skjelva. Han vart uansett litt overraska då det kom eit nytt skjelv, berre timar etter det førre.

– Det er litt spesielt at det skjer på same dag. Vi har hatt liknande hendingar tidlegare, men då innanfor eit par månader, seier Atakan til NRK.no.

Så langt meiner jordskjelveksperten at det ikkje er grunn til uro for vestlendingane. Sjølv om det er uvanleg med to skjelv så tett på kvarandre, er ikkje skjelva sterke nok til at dei gjer materielle skader.

– Jordskjelv over 3 på skalaen blir merka av folk, slik som i dag. Men det må vera over 4,5 for at det skal skje skade på bygningar, sa Atakan til NRK.no etter skjelvet utanfor Fedje.

Dersom du merka skjelvet kan du også melde frå om det til Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk på deira heimeside her.

Kan kome fleire

Atakan seier dei følgjer med på utviklinga, men at det førebels ikkje er nokon alarmerande aktivitet.

– Vi kan ikkje utelukke at det kjem fleire skjelv i løpet av nær framtid. Dette er noko vi følgjer med på, og vil informere om når vi veit meir, seier jordskjelveksperten.

I Høyanger er Alvhild Gudvangen enno skjelven. Ho skildrar opplevinga som ekkel, og har berre ein gong tidlegare vore med på noko liknande.

– Den gong sprang vi ut fordi det var så uhyggeleg. Nei, huff, dette var ekkelt. Eg tenkjer på dei som opplever det ofte, det må vere forferdeleg, seier ho.

Også i Lavik merka folk skjelvet. Vigdis Vik Aven fortel at det klirra godt i serviset i skapa.

– Eg har opplevd jordskjelv før, så den duren kjende eg att. Det dura først, så rista det kraftig. Det skramla godt i skapa, seier ho.

– Det var som ei brumming

Det første skjelvet ved Fedje som vart registrert med ein styrke på 3,2 like over klokka 07 laurdag morgon, var også merkbart på Folkestad i Ytre Fjaler i Sogn og Fjordane. Karl-Jan Erstad var akkurat i ferd med å stå opp då han vart merksam på ei brumming i det fjerne.

– Det er akkurat som om du høyrer på vaskemaskina i kjellaren når den sentrifugerer, seier Erstad som straks kom på tanken at det måtte vere eit jordskjelv.

Då han seinare las i nettavisene at det var nettopp eit jordskjelv fekk han stadfesta mistanken.

– Vi har merka jordskjelv her fleire gonger tidlegare, kanskje ein fire-fem gonger i løpet av dei siste 20 åra, fortel han og legg til:

– Eg trur ikkje jordskjelva på våre kantar blir så kraftige, så eg ser på dette som ein interessant geologisk fenomen.

Merka du skjelvet? Skriv gjerne litt om di oppleving og kor du var då du merka det i kommentarfeltet under.