Hopp til innhold

Nytt avslag for Simon

Utlendingsnemnda har på nytt slått fast at den ni år gamle flyktningen Simon og far hans ikkje får kome tilbake til Florø.Norge

Simon og faren Fkade i Bari
Foto: Bert Degreave

Guten lever under open himmel i Italia etter at han vart kasta ut av Norge tidlegare i haust.

Alt om Simon-saka

– Gir ikkje opp

Då hadde han budd halvanna år saman med faren i Florø.

Advokaten deira, Roland Kjelldal, seier dei ikkje vil gi opp.

– Avslaget betyr ikkje anna enn at saka står der ho står, og vi er klare til å halde fram med å be om omgjering. Men føresetnaden for det er at vi har noko nytt å kome med som ikkje er vurdert tidlegare.

– I dette tilfellet meiner eg livssituasjonen til barnet er så alvorleg at meir formelle intensjonar om utvising av folk som ikkje har gyldig opphald må vike.