– Eg tenkjer på saka kvar einaste dag. Det går inn på meg som menneske at vi ikkje har lukkast med å finna Dung Tran Larsen, seier Tore Salvesen, stasjonssjef ved Bergen Vest politistasjon, til NRK.no.
Nesten fem år har gått
Salvesen har jobba med saka sidan tobarnsmora forsvann frå heimen sin i Krabbedalen ved Olsvik i 2007.
Ektemannen til Dung Tran Larsen og tre andre i den nære familien hans blei pågripne og sikta for drap i august same året som ho forsvann.
Men to år etter bestemte riksadvokaten at saka skulle leggast bort, etter det som kallast «bevisets stilling».
Dette inneber at dei fire ikkje lenger er sikta i saka.
Same dagen som saka blei lagt bort sa førstestatsadvokat Walter Wangberg til NRK at dei framleis hadde
.Nye søk til våren
Utallige tips er sjekka ut og over 50 søk er gjennomført i den svært omfattande etterforskinga.
Sjølv om det snart har gått fem år sidan forsvinninga, kjem folk fortsatt til politiet med opplysningar.
Seinast før jul fekk politiet inn eit interessant tips. Det var ifølgje Salvesen ein person som gjorde interessante observasjonar, men som av forskjellige grunnar ikkje har kome fram med desse opplysningane før no.
– Vi har eit par stader vi skal undersøkja i løpet av våren. Men vi vil venta til telen er vekke frå jorda og forholda elles ligg til rette for det, seier Salvesen.
Ventar på den siste biten
Han forsikrar at motivasjonen for å løysa forsvinningsgåta framleis er heilt på topp.
– Vi har ikkje gitt opp håpet om å løysa saka. Før eller sidan vil vi få den siste biten på plass. Eg har enno ikkje tenkt tanken på at saka aldri blir løyst, seier Salvesen.