Pedersen har dei siste fire åra vore utviklingssjef for nye medium i distriktsdivisjonen i NRK, med strategisk ansvar for mobil og nett.
– Publikum sin mediebruk er i kraftig endring, mellom anna er mobil den raskast veksande medieplattforma nokon sinne. Dette krev svært mykje av oss samtidig som vi også skal ha høg kvalitet på radio og TV, seier Kai Aage Pedersen, som ser fram til å gå laus på desse oppgåvene i NRK Sogn og Fjordane.
Han vart fredag føremiddag presentert som ny distriktsredaktør for dei tilsette i NRK Sogn og Fjordane på eit husmøte.
- LES OGSÅ:
Skal vere best på nyheiter
Pedersen har bakgrunn som lokalavisjournalist, journalist i NRK, ansvarleg redaktør i Sogn Avis, så redaksjonssjef og distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane fram til 2009 då han vart utviklingssjef.
1. november startar difor den andre perioden i NRK Sogn og Fjordane si historie med Pedersen som distriktsredaktør.
Distriktsdirektør Grethe Gynnild-Johnsen meiner erfaringa Pedersen har skaffa seg som utviklingssjef nye medium, gjer at kontoret i Sogn og Fjordane kan vere ein verkstad for god journalistikk og presentasjon på nye plattformer i NRK.
– Han skal også føre vidare og styrke hovudsatsinga til NRK Sogn og Fjordane om å vere best på nyheiter, lokalt og nasjonalt, seier Gynnild-Johnsen.
Skal vere viktige for folk
– Etter fire år som handelsreisande i nye digitale medieplattformer har eg lært at Sogn og Fjordane er ein fantastisk stad å vera. Vi har eit dynamisk distriktskontor med kompetente medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø. Vi har dessutan Nynorsk mediesenter lokalisert under same tak. Dette gir fin balanse mellom ung entusiasme og rutine - og samtidig god grobotn for læring på alle nivå, seier den nytilsette distriktsredaktøren.
Han lovar at NRK i Sogn og Fjordane også i framtida skal vere viktige for folk i kvardagen, både på radio, TV, nett og mobil.