Hopp til innhold

Ny publikumsrekord for Tysnesfest

Etter å ha festa fem dagar til ende er det klart: Tysnesfestival sette nok ein gong publikumsrekord. Og festivalfolket i båt får skryt frå Kystvakten.

– Dette har vore nok eit eventyr. Med ny publikomsrekord og stor stas, seier styreleiar Sigvard Madsen.

Nær 24.000

Når NRK.no snakkar med han på telefon søndag kveld, er dugnadsgjengen travelt opptekne med å rydde opp etter det som er Hordalands største camping- og båtfestival.

– Vi har ikkje fått telt opp alt enno, men vi har lagt litt over heile vegen, så eg håpar vi har selt mellom 23.000 og 24.000 billettar, seier Madsen.

Festivalen starta onsdag med underhaldning for dei minste på kaia, guida fjelltur og Kari Bremnes-konsert om kvelden. Derettet gjekk det slag i slag for festivalen som samlar folk på frå både Midthordland, Sunnhordland og Bergen.

Dobla folketalet

1980-talsheltar som Europe og Samantha Fox, og artistar av nyare dato som Madcon, Sirkus Eliassen og Bo Kaspers var berre nokre av artistane som stod på scena. På hovudscena vart showet avslutta med DumDum Boys seint laurdag kveld, men sjølve festivalen vart avslutta søndag med kyrkjekonsert og kabaret.

– Det kom noko yr i lufta, men ikkje meir enn at ein kunne leve med det. Så det gjekk veldig fint. Alt var eit einaste stort høgdepunkt, men høgdepunktet? Vi samla 5500 menneske laurdag kveld, og det bur 2700 på øya. Så det er jo det doble av folketalet her ute. Det er litt gøy, seier festilvalsjefen ublygt.

Ikkje minst fann båtfolket vegen til Tysnes. Ifølgje Madsen låg mellom 360 og 400 båtar i hamna. Gjennom helga vart dei overvaka av Kystvakten som låg på Tysnes med KV Tor. I samråd med politiet gjennomførte kontrollar av promille, flytevestar og åtferd på sjøen

(Artikkelen held fram under biletet.)

Full hamn på Tysnesfest

TETT I TETT: Nærmare 400 båtar fann i helga vegen til Tysnes.

Foto: Kystvakten, KV Tor

Berre éin tatt med båtpromille

– Resultata frå kontrollane viste at 20 av 49 kontrollerte hadde lågpromille, det vil seie mellom 0 -0.8 promille. 28 båtførarar hadde null promille, mens éin var over grensa på 0.8 promille, skriv skipssjef Jon Skålheim på KV Tor i ei pressemelding.

Kystvakta kontrollerte 195 personar for flytevest, og fann få avvik.

– Generelt synest Kystvakten at dette var veldig gode resultat. Erfaringa etter Tysnesfest viser at fritidsbåtførarahe stort sett er bevisste på alkoholinntaket og hold seg innan 0.8-grensa når dei fører båt, fastslår Skålheim.

Det gler ikkje minst festivalleiinga.

– Ja, er det ikkje kjekt? Vi er veldig glade for å ha hatt Kystvakten her, seier Madsen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

KV Tor på Tysnesfest

SJEKKA PROMILLEN: Kystvakta var til stades under festivalen og kontrollerte båtpromille, at flytevestar var på plass i båtane og åtferda på sjøen.

Foto: KV Tor, Kystvakten

Lovar ny fest

Når festivalområdet er rydda, startar papirarbeidet og jakta på sluttsummen.

– Dette må jo ha gått rundt. Vi skal setje oss ned og ta detaljane, men med dette besøkstalet må det ha gått bra.

Litt glad for at det er over for denne gong?

Ja, men samstundes er det jo litt vemodig. Vi har det jo kjekt i lag.

Og for dei som måtte lure. Det blir Tysnesfest også i 2014.

– Artistane er booka. Her har vi bygd ut så mykje infrastruktur for festivalen at vi kan ikkje gi oss. Så her skal vi halde fram!