Hopp til innhold

Ny fylkeskrim frå Timberlid

Den sjette boka om politibetjent Rolf Randen kjem ut i august. Forfattar Rune Timberlid har denne gongen valgt å leggja handlinga til kysten rundt Vågsøy og Selje.

Rune Timberlid

– Eg har lenge hatt lyst til å leggje handlinga til kysten. Det er eit fantastisk landskap å leggje ein roman til., seier forfattaren til Firda.

I «Sankt Svithuns gåte», som den nye boka heiter, skal Randen patruljere kysten i ein open gummibåt, på jakt etter islamistiske terroristar som trugar nasjonen. Dette ser ikkje Randen noko poeng i å bruka tida på, og han vil heller bruka tida på andre oppdrag.

Lokalhistorie

I same stil som førre bok, Operasjon Siskin, sender forfattaren Randen på leit i gamle, uoppklarte mysterium. Denne gongen tek Randen føre seg kvifor det gamle hurtigruteskipet DS Sanct Svithun vart bomba utanfor Ervika i 1943.

Lokalhistorie er noko som interesserar Timberlid mykje, og difor blir handlinga om enno ei bok i serien om Rolf Randen fokusert rundt hendingar i andre verdskrig.

Håpar på godt sal

– Førre bok selde ganske bra på landsbasis, so eg håpar at denne vil gjere det same. Det er vanskeleg å seia, men eg trur at boka vil selge bra i fylket.

Om det blir fleire bøker om Rolf Randen er Timberlid usikker på.