M/F "Lote" har plass til 120 personbilar og 438 passasjerar. Ferja er designa av Førde-firmaet Multi Maritime og bygd ved Fiskerstrand verft utanfor Ålesund.
"Lote" er den tredje ferja verftet leverer til Fjord1 Fylkesbaatane. Tidlegare har dei bygt ferjene "Lærdal" og "Nordfjord".