– Varselet gjeld for i dag og i natt, og folk bør vere merksame på om vatn samlar seg opp enkelte stader, og sørge for å få det vekk, seier Monica Sund ved Varsom.no.
Varselet som no er sendt ut for Sogn og Fjordane og Hordaland er på gult nivå, som er det første nivået som NVE varslar på, på ein skala som går frå 1-4, der 1 er trygge forhold.
Ventar mykje nedbør i dag
– Om helga var fin, har veka starta brått og brutal. Det har regna godt på morgonkvisten og slik blir det også resten av dagen, seier Geir Ottar Fagerlid ved vêrvarslinga på Vestlandet.
På kysten bles det i dag opp i sterk kuling, men det er venta å roe seg ut på kvelden til liten stiv kuling.
– Nedbøren kjem over heile fylket, og dei mest utsette stadane kan få opp i 40 mm i løpet av eit døger, så det blir ei skikkeleg rotbløyte.
Temperaturane blir likevel ikkje så verst, og kan kome opp i 10–12 grader på dagtid.
Desse er mest utsette
Generelt skredfaren størst i bratte skråningar, bekkar og elvar med stor vassføring.
– På Varsom.no kan ein finne kart som syner regionalt kva området varselet gjeld for. Her kan det vere lokale forskjellar, og der sit kommunane med meir informasjon, seier Sund.