Hopp til innhold

NRK arrangerte konsert på Malakoff

NRK sende fredag sin sommarkonsert direkte frå sentrumscena til Malakoff Rockfestival.

Nordfjordbandet The Pink Robots var mellom artistane som stod på scena under gratiskonserten Sommarlutt som er ein del av NRK Sogn og Fjordane si satsing på lokalmusikk frå fylket.

Sparka Malakoff i gang

Etter at Ingrid Olava torsdag kveld tjuvstarta ballet, markerte NRK-konserten starten på årets Malakoff-festival på Nordfjordeid. Eit par timar etter NRK-konserten, klokka 17.00 starta sjølve Malakoff-festivalen for fullt på to scener, og fredag kveld spelar artistar som Big Bang og Thomas Dybdahl.

  • NRK.no kjem attende med fyldig dekning frå Malakoff i løpet av helga.
  • I løpet av laurdag legg vi også ut heile Sommarlutt-konserten i sin heilskap på nett-TV.
  • LES OGSÅ: Eidarar trur ikkje på ny rekord

Vil vise fram lokale talent

– Vi ønskjer å gi lokalmusikken gode plassar å syne seg fram på. Det er så mange flinke og talentfulle artistar i fylket vårt. På fredag stod nokre av dei beste på scena vår, seier programleiar Stian Sjursen Takle.

Under konserten som vart direkteoverført på radio og nett-TV fekk publikum mellom anna møte Håvard Lothe, artisten frå Florø som vart kåra til den beste i Sogn og Fjordane av NRK sine lyttarar i 2009.

Sognarock

Sommar:Lutt har og som tradisjon å syne fram unge talent frå fylket. Denne gongen var det Linn Eide frå Vågsøy som fekk spele saman med dei meir etablerte artistane.

I tillegg til fleire andre musikalske innslag, vart det også servert ei solid dose rock på dialekt frå bandet Tyyl! frå Årdal. Dei har fått mykje skryt for musikk, tekstar og dialektbruk. I fjor spelte dei på By:larm, i år er dei endeleg klar med debutplata si.