Medvinden SV har både nasjonalt og her i Sogn og Fjordane prega naturleg nok årsmøtet som vart halde i Førde. Årsmøtet vedtok ei rekkje fråsegner, mellom anna krev SV at skipsindustrien no får rettvise konkurransevilkår.
Ikkje distriksmedisinske senter
Sogn og Fjordane SV krev og at samfunnet må vinne tilbake kontrollen over energimarknaden og partiet seier kontant nei til framlegga om å gjere sjukehusa på Nordfjordeid, i Lærdal og i Florø om til distriktsmedisinske senter. Dette er det same som å legge ned godt fungerande sjukehus. Og sjølv om sjukehusa no er overførde til Staten, kjem ikkje SV til å sleppe helsepolitikken på fylkeskommunalt nivå, seier førstekandidat Norvall Nøringset.
Nummer to
Nummer to på SV-lista er Signe-Andrea Henden frå Sogndal, nummer tre Hilde Kvamsås Aa frå Flora og nummer fire Eva Melvær Langaas frå Flora.